Hopp til innhold

No er desse borna klare for TV-skjermen

12 nye episodar av TV-serien Klart eg kan, vart i dag lansert med stor fest på Nordfjordeid.

I dag var det lanseringsfest for den nye sesongen av Klart eg kan.

I dag var det stor lanseringsfest på Nordfjordeid for den tredje sesongen av Klart eg kan.

Dokumentarserien for og med born, er i sin heilskap produsert av NRK Sogn og Fjordane.

Dei 12 flotte ungar, alle med kvar sin draum om å klare noko heilt spesielt, var sjølvsagt heidersgjestene under lanseringsfesten for den tredje sesongen med Klart eg kan.

– Kvar tysdag går ein draum i oppfylling, i alle fall i barne-TV. For no er 12 heilt nye episodar av dokumentarserien «Klart eg kan» klare til å bli vist fram til heile Norge. Mange hindringar vert overvunne og nye mål vert nådde, når borna viser oss kva som er utfordrande, skummelt og ikkje minst kjekt i deira kvardag, fortel prosjektleiar Kjellrun Lavik.

Born frå Vestlandet

I årets sesong av dokumentarserien «Klart eg kan» møter me born frå heile Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Til dømes Sabrin som har flytta frå Somalia til Førde og må lære seg norsk. Men av og til lurer Sabrin på om ho nokon gong kjem til å klare å snakke med dei andre borna for orda er så annleis enn dei ho kan frå før.

Eller Era skal ta buss heilt aleine for første gong. Ho gruar seg, men har bestemt seg for at ho vil klare å reise på med buss utan mamma. Gjertrud har flytta og skal starte i 1. klasse på ein skule der ho ikkje kjenner nokon. Ho er spent på om det blir lett å få nye vener. Og Kristin skal endeleg få lov å hjelpe besten med og ta i mot lam.

Klart eg kan først på nett

Klart eg kan blir sendt tysdagar klokka 18.20 i barne-tv på NRK Super. Kvar tysdag frå 22. oktober og fram til julekalenderen tek over i desember vil det bli vist seks heilt nye episodar. Dei seks siste episodane vert sendt i januar og februar. Men før dei kjem på fjernsyn vil dei nye episodane bli lagt ut på NRK Super sine sider på internett.

– NRK Super vil gjerne ha fleire dokumentarar med og for barn. NRK Sogn og Fjordane har difor fått ei prosjektstilling for å kunne produsere meir nynorsk barne-tv. Karoline Eikenæs Berge vart tilsett i stillinga i februar og har i lag med Eva Westvik laga Klart eg kan dette året.

– Eg får tilbakemeldingar frå ungar og foreldre, som seier at dei kjenner seg att i Klart eg kan. Dokumentarserien skildrar eventyret i det å vekse opp og eventyret i det kvardagslege. Det er nok det som fengar sjåarane, seier Eva Westvik.


Premierefest på Nordfjordeid

I dag vart den raude løparen rulla ut framfor kinosalen i operahuset på Nordfjordeid, for då var det førpremiere og lanseringsfest for Klart eg kan . Hit kom slekt og vener til hovudpersonane for å gjere stas på dei unge tv-stjernene.

– Vi er veldig stolte av borna som er med i serien og gler oss til å vise fram dei nye episodane. Dette er ein serie som handlar om mot og mestring, også vaksne kan ha glede av å sjå på, seier prosjektleiaren.

Sendedato og deltakarar:


22. oktober: Emily Marie Aare Myers, frå Skavøypoll

Emily skal vere brudepike når mamma giftar seg. Ho skal passe på gifteringane og bere dei inn i kyrkja, men tenk om ho misser dei! Då blir kanskje ikkje mamma gift likevel!


29.oktober: Gjertrud Henden Gjerdevik, frå Hennebygda/Fusa

Gjertrud er ikkje lenger barnehagejente. Ho skal begynne i første klasse og lure veldig på korleis det kjem til å gå, for ho kjenner nesten ingen der.


05.november: Amandus Husevåg, frå Flatraket

Amandus er både lei seg og glad. Hunden hans er død og har reist til hundehimmelen. Men no skal familien få ein ny hund og Amandus lurer på om det går an å bli like glad i den – for fortsatt saknar han gamlehunden heile tida.


12.november: Hedda Olseth Hauge frå Måløy

Hedda er ei prinsessejente og likar å leike med dokker, men ho likar også motorsyklar. Vanlegvis sit ho i sidevogna på motorsykkelen til mamma, men no skal endeleg få prøve å køyre motorsykkel på bane for aller første gong. Hedda er redd for om ho vil falle av og slå seg.

19. november: Suzanne Odolien, frå Vassenden

Suzanne skal bli storesøster for første gang. Ho har alltid hatt mamma heilt for seg sjølv og er redd for korleis det blir å dele mamma med ein baby.

26. november: Leah Hodnefjell, Måløy

Leah likar å stå på snøbrett, og aller best likar ho å køyre saman med storebroren William. Men han er nokre år eldre og tar den store skiheisen som går heilt til toppen av fjellet. For å sleppe å stå åleine i den vesle heisen har Leah no bestemt seg for å ta den store heisen for aller første gong. Men vil ho klare det?

7. januar: Elise Hovland, Sogndal

Elise er den einaste av vennene som held på med ein sport som heiter taekwondo. Men Elise vil det uansett. Ho øver og øver, for snart skal ho ta ein viktig test. Tenk om ho gløymer det ho har øvd på!


14. januar: Nora Norum Hellebust, Sanddalen/Vassenden

Nora likar å lage ting og no har ho lyst å sy ein kjole heilt alene. Den vil ho gå med i 8- årsdagen sin. Men det er vanskelig å velge rett stoff, og vil ho rekke å sy den ferdig i tide? Nora er også veldig spent på om gjestane som kjem i selskapet synes kjolen er fin.

21. januar: Sabrin Omar Abduelle, Førde

Sabrin: Sabrin har flytta til Noreg frå eit land i Afrika, som heiter Somalia. Her må Sabrin lære norsk for å forstå kva lærarane og dei andre barna på skulen seier. Av og til lurer Sabrin på om ho nokon gong kjem til å klare å snakke norsk, for orda er så annleis enn dei ho kan frå før.

28. januar: Øystein Mostad, Nordfjordeid/Averøya

Øystein skal flytte til ein annan plass i landet. Men han har ikkje noko lyst, for han likar seg så godt der han bur. Tenk om han ikkje får nye venner!

04. februar: Kristin Langeland; Hellesylt

Kristin skal gjere noko ho aldri har gjort før. Ho skal overnatte i fjøsen i lag med sauene og bestefar. Der skal ho hjelpe til når det kjem nye lam, kanskje midt på natta!

11. februar Era Borgund, Nordfjordeid

Era er veldig glad i bestefaren sin som ho kallar Besten. Ho har ikkje sett han på veldig lenge, og gler seg til ho skal besøke han på hytta. Men for å kome dit, må ho ta buss over fjellet heilt åleine. Det synest Era er veldig spennande, og litt skummelt.

Øystein Mostad er med i - Klart eg kan.

Video: Intervju med Øystein Mostad som er med i 'Klart eg kan.' Han skal flytte. Foto: Ole André Rekkedal