Hopp til innhold

NRK Sogn og Fjordane med nytt tilbod; "Fotballstudio" for lokalfotballen

Fotballinteresserte får eit nytt tilbod frå NRK Sogn og Fjordane måndag; "Fotballstudio" i nett-tv. Programleiar er Kjell Arvid Stølen. Arve Uglum er kommentator.

Vignetten til det nye fotballstudio med programleiar Kjell Arvid Stølen og kommentator Arve Uglum

KOM MED INNSPEL: Alle som ønsker det kan kome med innspel til og reaksjonar på Fotballstudio.

Måndag lanserer NRK Sogn og Fjordane sitt aller fyrste "Fotballstudio" i nett-tv. Det heile blir filma frå eit enkelt studio på indre bane på Fosshaugane.

– Vi ser og veit at fotballen engasjerer, så vi vil prøve ut dette som eit nybrottsarbeid, seier vaktsjef Rune Fossum.

Måndag ettermiddag vert det første Fotballstudio lagt ut on-demand, og folk kan sjølv velje kva tid dei vil sjå det.

Lokalfotball er tema

I det første "Fotballstudio" er det lokalfotballen som er tema.

– Vi skal snakke om sesongstarten til Sogndal, og vi skal også ta for oss andredivisjonslaga våre, seier Fossum.

Han understrekar at alle tema er mogeleg å diskutere i "Fotballstudio".

– Utover sesongen er målet å også ta for oss førstedivisjonslaget til Kaupanger, og aller helst også ta opp artige og kuriøse tema frå lågare divisjonar. Då har vi også moglegheita til å gjere opptak andre stader i fylket, seier Fossum.

Kan komme med innspel

Publikum har høve til å engasjere seg og komme med reaksjonar og innspel. Det kan gjerast på:

epost: sf@nrk.no - merk: "Fotballstudio" i emnefeltet

Målet er å ha "Fotballstudio" ein gong i månaden.