Lanserer guide-app for Nærøyfjorden

No kan du få eigen guide på smarttelefonen når du reiser i Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

BaseCamp Nærøyfjorden

NYTT TILBOD: No kan du reise på cruise i Nærøyfjorden med guiden i lomma.

Foto: Sandra Lappegard / DNT

Flåm AS introduserer no eit nytt guidesystem som kan lastast ned som ein App.

– Dagens turistar er i større grad ute etter kulturell kunnskap når dei reiser, seier Solrun Hjelleflat som er administrerande direktør i Flåm AS

Ved hjelp av satellittnavigasjon vert bilete og lyd synkronisert og dei reisande får all nøyaktig i det båten passerer attraksjonane på ruta.

– NaviGuiding gir kunden ein helt ny moglegheit til å kunne få informasjon på sitt eige språk og når ein sølv ynskjer det. Alt direkte i ein app som er lasta ned på telefonen, seier Hjelleflat.

Utvikla i Norge

Det er Tromsø-selskapet NaviGuiding med gründer Belinda Andersen som har utvikla systemet. Naviguiding er kort sagt lyd og bilete via GPS, mobil eller via internett som fortel deg kva du kan oppleve langs reiseruta. Namnet NaviGuiding peikar mot teknologi som består av navigasjon og guiding.

Solrun Hjelleflat

LANSERER GUIDE-APP: Solrun Hjelleflat er direktør i Flåm AS

Foto: privat

– Vi har allereie testa systemet ut ein sesong på Lysefjorden, noko som har gitt veldig positiv tilbakemelding frå gjestene, seier Hjelleflat.

GPS- og blåtannteknologi skal gir turistar ei personleg guideteneste på smarttelefon og lesebrett. Dette er ei automatisk teneste som er tilgjengeleg 24 timar i døgnet, 365 dagar i året, og på fleire språk. Ved eit tastetrykk vil gjesten få informasjon når dei når eit interessepunkt ved destinasjonen.

– Ein slepp støy frå skurrete høgtalarar, og dei reisande kan høyre guidinga i ro og mak. Dette fungerer godt, og difor utvidar vi tilbodet til Nærøyfjorden og Geirangerfjorden i år, seier Hjelleflat.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.