Hopp til innhold

Langvarig strid over – no blir bommen opna

Ein av vestlandets største skogeigarar ville ikkje lenger betale og stengde ein populær turveg på Kaupanger, men i dag blei det ei løysing i saka.

Stengd turveg på Kaupanger.

NO BLIR VEGEN OPNA: Denne bommen har vore stridens kjerne i ein stor konflikt mellom godseigaren og bygdefolket på Kaupanger. Vegen går til Goro som er eit populært utgangspunkt for ei rekkje turar på Kaupanger.

Foto: Gunnhild Bøyum

Eigaren av Kaupanger Hovedgård, Nils Joachim Knagenhjelm, har no bestemt seg for å halde vegen open i to månader, fram til 2. april.

– Kaupanger Hovedgård tek ansvar for brøyting, strøing og forsikring av vegen i denne perioden, skriv han i ei pressemelding.

Striden har stått om kven som skal brøyte turvegen. Det var porten.no som første skreiv om konflikten på Kaupanger.

Bilvegen går inn til eit svært populært turområde. Inntil for få år sidan var vegen open for fri ferdsel. Men etter at kommunen rusta opp vegen i samband med arbeid på eit vassverk, sette grunneigaren opp ein bom som stengde tilgangen til vegen og ein ny parkeringsplass for turgåarar.

Men i dei seinare åra har den vore halden vinteropen slik at turgåarane kunne køyre inn i området. Men i fjor spissa konflikten seg og vegen var berre open i vinterferien. I år har konflikten kneppa seg til endå eit hakk, og fram til no vore fullstendig stengd.

Seier han ikkje blei informert

Bomveg

OPPMODAR OM BETALING: Grunneigaren håper dei som brukar vegen, vil betale.

Foto: Privat

I helga møtte turgåarane igjen ein bom låst med hengelås – sjølv om formannskapet i Sogndal seinast sist torsdag lova å ta rekninga for helgeopen veg resten av vinteren.

– Det er eit hån mot politikarane som har vedteke dette, og eit hån mot alle som hadde gleda seg til ein skitur i dette fantastiske turterrenget, men som kom til stengd bom, sa leiar i Sogndal Høgre, Gunnhild Bøyum til porten.no.

Knagenhjelm skriv i pressemeldinga at han meiner saka har teke lang tid og at han ikkje kan ta ansvar for det.

– Det er administrasjonen i Sogndal kommune som har styrt framdrifta. I formannskapet blei det gjort vedtak om at vegen skulle opnast fredag, utan at grunneigar var rådspurt og utan at det vart gjort formelle avklaringar. Mellom anna mangla forsikring av vegen.

Håper at folk vil betale

No har altså Knagenhjelm bestemt seg for opne vegen, og betale for det sjølv.

Knagenhjelm oppmodar no alle som brukar vegen til å betale. Han understrekar at betalinga er frivillig fordi han ikkje har lov å ta bompengar for vegen.

– Midlane vil gå til dekking av kostnadane ved å halde vegen open. Frå neste vintersesong vil Kaupanger Hovedgård sjølv syte for at vegen vert bompengefinansiert utan kommunal medverknad, seier han.

Om drifta skulle gå med underskot, vil Kaupanger Hovedgård søke Sogndal kommune om driftstilskot.

– Kaupanger Hovedgård er klar over at mange ser på området rundt Breiseter som viktig friluftsområde og håper Kaupanger Idrettslag, politikarar i Sogndal kommune og andre som er opptatt av området ser positivt på ein søknad.