Hopp til innhold

Spytta oppkastrestar i politibilen og trua betjentane

Festivalen vart kortvarig for sunnfjordingen i 20-åra. Etterspelet vart derimot langvarig.

For godt skjenkt og med ustødig gonge meinte politiet at sunnfjordingen hadde best av å vere i arresten vel halvannan time unna. Ein cellebil skulle komme i møte og ta over mannen.

Men plassert saman med ein betjent i baksetet på politibilen, gjekk ikkje køyreturen for to år sidan så smertefritt som både mannen og politibetjentane skulle ønskt.

For etter å ha tømt nedpå ei flaske Jägermeister, tre øl og to shottar tequila, var det litt av kvart som måtte opp att.

I tillegg til å spy fleire gonger på turen, spytta mannen oppkastrestar i politibilen. Han kom også med fleire ukvemsord mot tenestemennene. Noko betre stemning vart det ikkje då mannen fekk på seg ei sokalla spytt-hette så han ikkje spytta på tenestemennene.

Sunnfjordingen svara med nye ukvemsord og truga med å «ta» og «banke opp» betjentane.

Mannen måtte berast over i cellebilen. Medan politiet skulle skifte handjarn på han, retta sunnfjordingen eit hardt og målretta spark mot ansiktet til den eine politibetjenten. Han trefte ikkje, og hevda i tingretten at sparket var eit rykk fordi han fekk ein vriding i kneet.

Medan Sogn og Fjordane tingrett trudde på mannen og frifann han for å ha sparka , festa ikkje Gulating lagmannsrett lit til forklaringa.

Den tidlegare ustraffa sunnfjordingen var så full at han sjølv ikkje hugsa noko frå hendingane denne sommarnatta.

Påtalemakta, som anka tingrettsdomen på 16 dagar fengsel på vilkår, la ned påstand om fengsel i 15 dagar. Lagmannsretten meinte derimot at fengsel i 30 dagar, med prøvetid på to år, var meir passande. I tillegg må han betale 5.000 kroner i sakskostnader.

Både forsvarar, aktor og lagmannsretten var samd i at over eitt år liggetid hos politiet var eit brot på retten til å få saka opp for domstol innan rimeleg tid.