Langt frå begeistra for fylkesvåpen

Eit samrøystes Sogn og Fjordane fylkesting gjekk inn for forslaget om det nye fylkesvåpenet i Vestland fylke. Fleire politikarar understreka at dei ikkje var veldig begeistra for forslaget, men at dei støtta det likevel. Frank Willy Djuvik (Frp) seier han treng hjelp til å få forklart kva våpenet skal syne. Han orka likevel ikkje fleire rundar og blei med på det samrøystes vedtaket. 13. og 14. juni skal politikarane i Hordaland bestemme seg.

Illustrasjon fylkesvåpen Vestland
Foto: Hordaland fylkeskommune