Dette har det nesten blitt heilt slutt på

Bilbergar Anders Frydenlund kjende gamlevegen på E16 mellom Borlaug og Maristova i Lærdal som si eiga bukselomme etter tallause bergingsoppdrag. Dei siste to vintrane har han fått langt mindre å gjere.

Bilberging ved Nedre Smedalsvatnet (arkiv)

FÆRRE OPPDRAG: Arve Wangensteen, sjef for Viking Redningsteneste sine stasjonar i Vang, Årdal og Lærdal seier dei har merka ein markert nedgang i talet bergingsoppdrag etter opninga av elleve kilometer med ny veg over Filefjell. Biletet er frå ei bilberging ein vinterdag for nokre år sidan ved Nedre Smedalsvatnet. Vegen her er no utbetra.

Foto: Privat

Anders Frydenlund

FÆRRE OPPDRAG: Bilbergar Anders Frydenlund i Viking Lærdal merkar at bilbergingsoppdraga har blitt færre. Når nokon i dag køyrer seg fast treng han heller ikkje å stenge vegen for å gjere bergingsjobben, då det er brei nok veg til at trafikken kan passere.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det er omtrent som natt og dag, seier han om skilnaden på vegstandarden før og no.

I august 2014 opna Vegvesenet nemleg 11 kilometer med ny veg mellom Borlaug og Smedalsosen i Lærdal. Det har ført til merkbare endringar.

– Fekk stopp og sklei i grøfta

Smal, svingete og vanskeleg er ord som blir brukt om gamlevegen på denne strekninga. Spesielt mellom Maristova og Borlaug var det trøblete vinterstid.

– Det var så smalt at større køyretøy måtte stoppe når dei møttest. Dermed fekk dei ofte problem med å ta i gang att, eller dei sklei i grøfta, fortel Frydenlund.

Vinterstid fekk han mykje å gjere her. Medan han berga tungbilane måtte vegen stengast. Dette vart lagt merke til i Vegvesenet.

– Vi hadde mange bergingsoppdrag der, og det såg vi at vi måtte gjere noko med, seier Øyvind Haaland i byggherreseksjonen i Statens vegvesen region Vest.

Smal veg på gamle E16 forbi Gram på Filefjell

SMALT: Slik såg deg ut på gamle E16 forbi Gram på Filefjell. Ein typisk plass der det var for smalt til at to tunge køyretøy kunne møtast.

Foto: Privat

Har blitt endå tryggare

Øyvind Haaland

FRÅ TRYGG TIL TRYGGARE: – Vel ein E16 over Filefjell veit ein som bilist at ein stort sett alltid kjem seg mellom aust og vest, seier Øyvind Haaland i Vegvesenet.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

No, nesten to heile vintrar etter opninga, konstaterer Haaland at dei ser ei endring.

– E16 over Filefjell har aldri vore den fjellovergangen aust-vest der vi har hatt dei største utfordringane, den har vore veldig stabil over fleire år. Men etter at vi opna denne parsellen ser vi at talet bilbergingar har gått ned.

Haaland understrekar at det er for tidleg å seie sikkert at regulariteten på strekninga har blitt mykje betre enn før som ein direkte følgje av utbetringa. Han seier det også kan forklarast med at dei to siste vintrane har vore av det snillare slaget. Uansett kan Vegvesenet slå fast at ein trygg vinterveg har blitt endå tryggare.

– Det er veldig godt å vite at vi iallfall har éin fjellovergang som per i dag er nesten hundre prosent vintersikker.

Gamle E16 over Filefjell, eit stykke aust for Gram

SMALT, SVINGETE OG TIDVIS BRATT: Slik såg det ut ein vinterdag på gamlevegen over Filefjell. Biletet er teke i nedstiginga mot Gram. Her er deler av vegen i dag flytta inn i tunnel.

Foto: Privat

– Positivt

Rolf Olav Tenden

POSITIVT: Rolf Olav Tenden i Norges Lastebileigarforbund er nøgd med færre stengingar som følgje av bilberging på E16. Han seier næringa likevel held fast ved at dei ønskjer opprusting av Hemsedalsfjellet som ein framtidig hovudveg mellom aust og vest.

Foto: Borgar Sagbakken

Det er leiar i Sogn og Fjordane Lastebileigarforbund, Rolf Olav Tenden, samd i. Også han har lagt merke til at talet bilbergingsoppdrag på strekninga har gått ned.

– E16 Filefjell var også tidlegare den sikraste vegen når det var dårleg vêr. Men på same tid valde ofte uerfarne sjåførar denne vegen, og det var litt mykje stengingar på grunn av bilberging. Bilberging kostar, både i pengar og heft, så dette er positivt.

Trass kjennskapen til at E16 blir rekna som den tryggaste vintervegen, viser ikkje trafikktala at det har blitt merkbart fleire tunge køyretøy som vel E16 framfor riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

Både Haaland og Tenden trur dette kan endre seg noko når siste del av utbetringa av vegen over Filefjell står klar neste år.

Frå nye E16 over Filefjell - mellom Borlaug og Smedalsosen

NY VEG: Det er stor skilnad på standarden på den gamle og den nye vegen over E16 Filefjell.

Foto: Statens vegvesen