Bjørn Kristian Sunde. Arkivfoto NRK
Mindreårig ungdom kjem rett og slett innom polet saman med eldre ungdom for å kjøpe alkohol. - Når det kjem inn tre-fire ungdommar, og den eine av dei er for ung til å handle polvarer, så må vi gå ut frå at dei som er gamle nok kjøper til den mindreårige. Langing har vi alltid hatt, det som skjer no er at det er meir folk, her er ingen disk, i dag kjem alle som vil inn i butikken, sjølv om vi stoppar og sender ut dei som ikkje er gamle nok. Problemet er at overlevering av varer skjer utanfor vårt område, og då kan vi ikkje gripe inn, seier Sunde.
- Magnet på folk
I haust opna vinmonopolet i Førde eit sjølvbetjent pol i lokala til Handelshuset Nord. Det har ført til nye utfordingar for dei tilsette på polet, fortel butikksjefen. - Vi har fått ein stor auke i omsetnaden på fredagar og laurdagar. I tillegg er slike handelshus ein magnet på folk, som går og kiker og vandrar rundt. Øyrane vidaregåande skule er like ved, mange av dei synest det er spennande å gå innom her i matfriminuttet. Vi må ofte vise ut ungdommar i 16-17-årsalderen.
- Uroaksjon hadde gjort seg
Bjørn Kristian Sunde seier dei kan oppleve slike situasjoner fleier gonger i løpet av ein dag. Han meiner politiet ikkje gjer nok for å få bukt med problemet. - Ein liten uroaksjon frå deira side kunne ha stoppa problemet for ein periode. Men eg forstår at politiet må prioritere innanfor stramme rammer, seier han. Men på den andre sida får politiet oppleve konsekvensen av langinga kanskje ein åtte timar etter at det har skjedd, seier butikksjef Bjørn Kristian Sunde.
Kan ikkje love patruljering
Politioverbetjent ved Førde lensmannskontor, Jan Egil Tvinde, seier det for dei handlar om prioriteringar. Eg kan ikkje love spesielt at vi skal prioritere å patruljere på handelshuset, men vi må vel ta inn over oss at det er eit problem. Vi prøver å fylgje opp når vi får melding om at slikt skjer, seier Tvinde.
Juvente uroleg
Det er problematisk at dei fleste vinmonopola i Norge no er sjølvbetjente. Det meiner ungdoms-og fråhaldsorganisasjonen Juvente. Pedagogisk leiar Hallvard Hatlestad er uroa over utviklinga. Han meiner dei sjølvbetjente butikkane er meir uoversiktlege, og dermed gjer det lettare å drive langing.
Ingen samanheng
Salsdirektør i Vinmonopolet, Kjell Eliassen, er ikkje samd i dette. Ifølgje er det ingen samanheng mellom omfanget av langing og butikktype.
I dag er omlag 174 av landet sine 198 pol sjølvbetjente. Og målet til Vinmonopolet er at dei aller fleste utsala skal bli sjølvbetjente om få år.