Hopp til innhold

Lange køar ved Lote ferjekai

Stor trafikk på E39 gir lange køar ved Lote ferjekai. Statens vegvesen prøvar no å få tak i trafikkdirigentar som kan dirigere bilistar som skal forbi køen.

Ferjekø ved Lote

VENTETID: Skal ein reise med ferja frå Lote til Anda må ein belage seg på ventetid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

På ferjesambandet Anda–Lote er det lange køar sidan fylkesveg 60 over Utvikfjellet er stengt.

– Ferjekøen akkurat no er veldig, veldig lang. Det er fullt på kaia og køen strekker seg langt oppover bakkane ovanfor bygda, fortel NRK-reporter Asgeir Reknes, som er på staden.

Ein innringar til NRK fortel at det på Lote-sida er ein times ventetid, og at det ser ut til at ventetida berre blir lenger utover dagen.

Køyrer forbi køen i feil felt

Ein innringar til NRK fortel at fleire bilistar som ikkje skal med ferja legg seg ut i venstre køyrefelt for å komme seg forbi køen.

– Eg jobbar på Nordfjordeid og må køyre panoramavegen for å komme meg heim. Der møter eg ferjekøen. Er det meininga at eg også skal stå ein time i kø, sjølv om eg ikkje skal med ferja?

Ferjekø på Lote

LANG KØ: Ein person i bilkøen har sendt inn dette biletet.

Foto: PRIVAT

I staden valte ho og mange andre å køyre forbi ferjekøen, noko som betyr rundt ein kilometer i feil køyrefelt.

– Det er ikkje dirigering på staden, og det er farleg å køyre slik, seier innringaren.

Skal få på plass trafikkdirigentar

Prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen køyrde sjølv med ferja rundt klokka 13 i dag.

– Då kom eg rett på ferja, men det tettar seg utover ettermiddagen.

Han seier det er ein spesiell situasjon, med Landskyttarstemne i helga og mykje folk på vegane.

– Vi skal få på plass trafikkdirigentar så fort som mogleg, så vi håpar at vi skal få vekk problemet, seier han.