NRK Meny
Normal

Lange køar på Lavik ferjekai

Køen av ferjetrafikk på ferjesambandet Lavik – Oppedal på E39 er i kveld svært lang. Fjord1 følgjer oppsett rutetabell.

Kø på Lavik

KØ PÅ FERJEKAIA I LAVIK: Det er lang kø på ferjekaia i Lavik, fortel reisande. Fjord1 beklagar men kan lite gjere.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

NRK er blitt ringt opp av frustrerte bilistar i ferjekø på Laviksida som ventar i ei kø som er ifølgje tipsarane fleire kilometer lange.

Allereie i 18-tida var det lang kø på ferjekaia.

Fjord1 opplyser søndag kveld at det er lite dei kan gjere med trafikkutfordringane, dei føl oppsett ferjetabell for søndagar.

– Det inneber at siste halvtimesavgang gjekk klokka 20, og dermed blir sambandet mellom Lavik og Oppedal trafikkert berre av ei ferje. Selskapet kan ikkje sette inn den andre ferja då dei har brukt opp timane sine, opplyser vakthavande i selskapet.

Lang kø på ferjekaia i Lavik

KØ ALLEREIE I 18-TIDA: Køen på Lavik ferjekai på E39 var betydeleg allereie i 18-tida. Då var det oppimot ein times ventetid.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser