Hopp til innhold

Lange køar på Lavik

Ferieslutt fører sundag ettermiddag til lange køar ved Lavik ferjekai.

Ferjekø på Lavik

LANG KØ: Opp mot ein times ventetid ved Lavik sundag kveld

Foto: Erik Hildal / NRK

– Akkurat no snakkar vi vel om ein times ventetid på Lavik ferjekai.

Det seier Johnny Hageseter, som er kaptein på MF Lifjord, når vi snakkar med han klokka 18 sundag kveld.

Han seier dei hadde rekna med ein del trafikk denne helga sidan haustferien er slutt samstundes både i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Difor så køyrer vi no med tre ferjer kontinuerleg. Bortsett frå litt venting på Lavik-sida så går trafikkavviklinga fint.

(Saka held fram under biletet)

Kø ved Lavik

MANGE I KØ: Mange måtte vente lenge i ferjekøen i Lavik

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Kva seier passasjerane som no må vente opp mot ein time?

– Eg har ikkje høyrt noko, så dei fleste har vel vore budde på at det kunne bli litt venting i dag.

– Så inn til vidare er det berre å smørje seg med tolmodigheit for dei som skal sørover?

–Ja, alt etter kor tidleg folk har starta på heimturen, det pleier å løyse seg opp når vi kjem fram mot klokka 21.