NRK Meny
Normal

Mange er slurvete og gløymer passet: «Det har vore veldig, veldig travelt»

Kanskje har du sett nokon springe rundt på flyplassane med dei i desse dagar? Knalloransje, og nyleg utskrivne. Politikontor over heile landet opplever lange køar og stor pågang av folk som trenge naudpass i sommar.

Naudpass og Elisabeth Larsen-Vonstett

NAUDPASS: Informasjonssjef Elisabeth Larsen-Vonstett seier naudpass ikkje lenger fungerer i Tyrkia. Ho fortel også om andre land der det er spesielt viktig å vere tidleg ute i førebuingane.

Foto: Montasje: NRK/Yngve Tørrestad/Star Tour

Konsulent ved politiet i Florø, Bodil Valvik, seier sommaren fram til no har vore svært travel.

– Sist måndag starta vi med kø utanfor. Eg veit ikkje kor mange som var her, men då gjekk det i eitt frå vi opna dørene til vi stengde. Det var naudpass og vanleg pass, og det gjekk i eitt. Det har vore veldig, veldig travelt.

Folk bommar spesielt med pass til barn

Eg har sjølv stått der ei veke før avreise med eit pass som har gått ut, og då trengte eg naudpass. Det er fort gjort å vere litt slurvete.

Elisabeth Larsen-Vonstett

Mange er seint ute med dei siste detaljane i ferieplanlegginga, og mange er seint ute med ein viktig detalj: passet.

For også denne sommaren finn mange ut i siste liten at passet har gått ut på dato, og dermed må dei haste av garde til politiet for å skaffe seg naudpass.

– Folk står ferieklare utanfor og ventar og trippar. Dei har dårleg tid, men dei må berre vente til dei får hjelp, seier Valsvik.

– Merkar de at folk er stressa?

– Ja, spesielt folk som skal ut å reise. Dei gløymer å sjekke passa til borna sine. Det er kort gyldigheit på dei, og det gløymer folk.

Eit pass for ein vaksen varer i 10 år, men for små barn gjeld dei berre i to år.

Kva må du ta med deg?

– Det som er viktig er at folk har med seg to passbilete som er like. Bileta skal helst ikkje vere eldre enn tre månadar, seier Valsvik.

For automaten der ein kan ta bilete hjå politiet kan berre brukast for bilete til vanleg pass, og gjeld ikkje for naudpass.

– Då må dei til fotograf og ta to passbilete.

I tillegg må folk ha med seg dokumentasjon på kva reise dei skal ut på.

– Sjølvsagt må folk også ha med seg ID, for å vise kven dei er. Utan identifikasjon skriv vi ikkje ut naudpass.

Skal du til Tyrkia? Pass på

Nødpass

KØAR: Det har vore lange køar og ekstremt travelt hjå politiet fordi mange er seint ute med passøknaden i år.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Bodil Valvik kjem også med ei åtvaring til dei som er seint ute. Det er ikkje alle land som godtek naudpass.

– No i sumar er det spesielt Tyrkia som har endra reglane. Før kunne ein reise til Tyrkia med naudpass, men no godtek ikkje tyrkiske styresmakter det lenger.

Difor har dei ved politikontoret i Florø no fått lov til å prioritere passøknadar frå folk som skal til Tyrkia.

– Då vil det gå kortare tid. Men før var det ikkje lov å prioritere. Då vart det litt venting, då vart det stress. Folk ringde og var veldig fortvila.

– Er det folk som ikkje får reist fordi dei har vore for seint ute?

– Ja, det vil eg tru det er.

Slik er reglane

Fleire reisebyrå har også hatt meir enn nok å henge fingrane i denne sommaren, for folk har ringt og ringt for å finne ut av passreglane for Tyrkia.

Informasjonssjef i Star Tour, Elisabeth Larsen-Vonstett, seier dei har hatt det travelt, fordi det har vore mykje uvisse både hjå dei, hjå styresmaktene i Noreg og Tyrkia, og hjå ambassadane.

Men no ser det ut som styresmaktene har vorte samde om reglane og korleis dei skal løyse det.

– Det som gjeld for reiser til Tyrkia i dag er: Passet treng ikkje vere gyldig lenger enn den tida du skal opphalde deg i Tyrkia. Er det gyldig i mindre enn eit halvt år etter heimreise, får du får ikkje kjøpt visum på internett her heime, men må kjøpe visum når du kjem til flyplassen i Tyrkia. Men dersom passet er gyldig eit halvt år etter du kjem heim, kan du kjøpe visum enkelt på internett, seier Larsen-Vonstett.

Men ho stadfestar at naudpass ikkje er godt nok i Tyrkia lenger. For med naudpass vil du ikkje få visum, korkje her heime eller når du kjem fram til Tyrkia.

Her og her kan du lese meir om reglane for pass og naudpass.

– Sjekk passet!

Larsen-Vonstett ber også andre reisande om å vere ekstra grundige i førebuingane.

– Eit anna land som er vanskeleg å kome seg inn i er USA. Der er det mange formalitetar med visumbestilling. I dag må ein gjere det på internett på førehand. Kina er eit anna land der det kan vere problematisk.

Informasjonssjefen seier dei sender informasjon som inneheld passåtvaringar nokre veker før folk skal reise, men at mange er slappe og ikkje gjer det.

– Eg har sjølv stått der ei veke før avreise med eit pass som har gått ut, og eg trengde naudpass. Det er fort gjort å vere litt slurvete. Men dette er eit fint høve til å oppmode om å sjekke passet, spesielt borna sine pass, seier Larsen-Vonstett.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå