Mange stader er det venta god valdeltaking dette året og det kan blir store endringar i kommunestyra i forhold til for fire år sidan.
- Framleis i tvil om kva du skal stemme? Les NRK si valvurdering frå alle kommunen i Sogn og Fjordane
I Eid er det ekstra spennande, der har det vore stor kamp for å behalde lokalsjukehuset. Regjeringa har velsigna nedlegging av føde- og ortopeditilbodet og folk NRK har snakka med, fortel at det er nettopp dette som opptek dei.
Ingeborg Bjelland er ei av dei som har møtt fram for å stemme. Ho seier at sjukehussaka er avgjerande for hennar val. Ho trur at noverande ordførar frå Arbeidarpartiet blir kasta i kveld.
– Ja, det trur eg, Sjukehussaka er så viktig for heile området her, seier ho.
(Saka held fram under videoen)
– Enormt med folk
Agnar Krakseth er leiar i valkretsstyret i sentrum av kommunen. Han seier at det har vore eit enormt oppmøte i dag.
– Det har vore kø i mange timar. Det var kø allereie då vi opna og det har vore mykje folk i heile dag.
Han var vore valfunksjonær i 30 år, og kan ikkje hugse at det har vore så mykje folk før.
– Det pleier å vere mykje på ettermiddagane, men i dag er det enormt, seier han.
Valthriller
For det går mot ein valthriller i Eid i år. Valet her er eit av dei mest spennande i fylket. Ei meiningsmåling sist veke, viset at Venstre fekk ein oppslutnad på 41,4 prosent. Slår dette til, vil auke Venstre si kommunestyregruppe frå tre til 12 medlemer. I Eid kommunestyre har 29 medlemmer.
I andre enden av skalaen gjekk Arbeidarpartiet ned frå 26,5 oppslutnad i 2007, til 6,2 prosent ved meiningsmålinga. Eit slikt resultat ved valet ville gitt Arbeidarpartiet to representantar i kommunestyret – mot åtte i dag.
Forstår dei som vil straffe
Noverande ordførar, Sonja Edvardsen frå Arbeidarpartiet, seier det ikkje er rat at oppmøtet er stort i dag.
– Dette er den største saka vi har jobba med dei seks siste åra. Vi føler oss urettferdig behandla i forhold til resten når det gjeld sjukehustilbod,
– Vi har snakka med mange som tidlegare har stemt Ap og som no skiftar beite. Kva tenkjer du om det?
– Eg kan til dels forstå at folk vil straffe regjeringa sentralt, men samstundes er det eit val som avgjer korleis kommunen skal klare seg dei neste fire åra. Eg tykkjer uansett at det er flott for demokratiet at mange kjem for å stemme i dag. Vi ønskjer aktive veljarar og at dei skal bruke moglegheita til å påverke korleis dei skal ha det i Eid.
Nervepirrande
Venstre sin ordførarkandidat, Alfred Bjørlo, trur det blir nokre nervepirrande timar når røystene blir talde opp i kveld.
– Ja, dette blir ein spennande kveld. Eg tykkjer det er veldig kjekt at så mange har møtt fram for å delta ved dette valet.