Hopp til innhold

Lange ferjekøar på Anda-Lote

Ferjetrøbbel, stengt Utvikfjell og mange som skal heim frå ferie kan gi lange køar og ventetid på E39. Ein må rekne med ventetid på 1,5 time på ferjekaia.

Bilferjene Årdal og Sognefjord på Anda-Lote

ANDA-LOTE: Kun ei ferje er i trafikk mellom Anda og Lote i dag. Det kan gi lange køar og trafikk-kaos, åtvarar Vegtrafikksentralen Vest.

Foto: Steinar Lote / NRK

– I totida var ventetida på om lag ein time. No er det halvannan time venting, så det kan bygge seg opp utover kvelden, seier Jan Erikstad i vegtrafikksentralen.

Ekstraferja MF Sognefjord, som er sett inn på Anda-Lote for å ta unna trafikken som normalt går over Utvikfjellet, er parkert med tekniske problem.

Med redusert kapasitet ventar vegtrafikksentralen det vil bli lang ventetid for å kome med ferja på Anda-Lote i Nordfjord.

– Mest truleg vil det bli kaos, seier Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen.

Dei har sett ut folk for å dirigere trafikken på Lote for å halde orden i køane. Der ventar dei at mange kjem frå Panoramavegen, og skal med ferja.

Laster Twitter-innhold

Ventar køar frå klokka tolv og utover

Det er slutt på fellesferien, og mange skal heim frå tur og besøk.

– Om me er heldige har ein del funne vegen heim tidlegare på grunn av det dårlege vêret, håpar Erikstad.

Men han torer ikkje håpe for mykje. For med stengt Utvikfjell er det mange som må over ferjesambandet på heimvegen.

Han oppmodar folk til tidleg avreise.

– Dersom dei som er tettast på ferjesambandet og veit det må over kjem seg av garde, så vil det hjelpe veldig på, seier Erikstad.

Vel andre ruter

Lengre sør på E39 er ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal betre dekka.

– Men vi vil nok få nokre toppar der også ut over dagen.

For dei som skal nordover oppmodar Jan Erikstad folk om å velje Sognefjellet, heller enn Strynefjellet.

– Normalt sett er det ein lengre tur, men i dag blir det absolutt kortare, tipsar Erikstad.

Skal du ut på vegen i dag og treng å følge med? Vegtrafikksentralen Vest på Twitter legg ut oppdateringar på trafikksituasjonen ut over dagen.