Dei to nordfjordingane har vedgått å ha vore med på smuglinga av fleire kilo kokain, 30.000 ecstasytablettar og 97.000 rohypnoltablettar til Noreg i 2002. Den eine var sjåfør for eit Nordfjordfirma og køyrde narkotikaen inn i landet, medan den andre formidla kontakt mellom sjåføren og hovudmennene i smuglarsaka.
Vil anke
Sjølv om Oslo tingrett har korta ned straffa for begge dei to med eitt år i høve til kravet frå aktor, så varslar begge at dei no vil anke dommane. Advokat Marijane Lozic som representer han som fekk den strengaste straffa seier dei også kjem til anke på straffegrunnlaget