Hopp til innhold

Lang ventetid på tippemidlar

Sogn og Fjordane har lengst ventetid i landet på spelemidlar til bygging av idrettsanlegg. Ventetida er oppe i fem år.

- Dette er beklageleg at fylket får ein stadig mindre del av potten. Det betyr mindre pengar til idrettsanlegg, seier leiar for hovudutvalet for kultur, Norvall Nøringset.

Fekk berre 18 millionar

I år har det blitt søkt om totalt 95 millionar kroner til bygging av idrettsanlegg i Sogn og Fjordane, men potten til fordeling er berre 18 millionar. Dette gjer at ventetida på midlar no er blitt fem år, det er lengste ventetida i landet.

Fordelt etter folketalet

Norvall Nøringset
Foto: Cosmin Cosma / NRK

For hadde desse idrettsanlegga vore planlagde i til dømes Oslo eller Østfold, hadde ventetida berre vore eit år. Årsaka er at spelemidlane i stor grad blir fordelte etter folketal.

No fryktar Nøringset at spelemidlane i endå større grad skal gå til dei tettbygde delane av landet

- Vi skulle helst sett at kriterium som avstand og kommunikasjon var viktigare. Blir fordelingsnøkkelen forandra mot folketal er det klart det er uheldig, seier han.

- Urimeleg

Erling Sande i familie- og kulturkomiteen i Stortinget likar dårleg at Sogn og Fjordane har lengst ventetid i landet på spelemidlar til idrettsanlegg. No vil han ta saka opp med kulturministeren.

- Dette er vi nøydde til å sjå nærare på. Eg vil ta det opp med kulturministeren, for dette er urimeleg, seier han.