NRK Meny

Lang ventetid på ferjesamband

Ein må rekne med over ein times venting om ein skal ta ferja frå Mannheller til Fodnes i dag. Det seier trafikkoperatør, Jan Erikstad i vegtrafikksentralen. På kaia er det kø langt innover i tunnelen, og Erikstad trur mange kjem frå countryfestivalen på Breim, og at det elles er mange ferieturistar på vegane i kveld. Ferja går kvart 20. minutt, men blir raskt fylt opp.

Kø
Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå