NRK Meny
Normal

No må dei heilt til Nordmøre for å spele kamp - leiaren er frustrert

Årdal må nok ein gong reise langt for å spele kampar. Laget hamnar neste sesong i avdeling med to Kristiansund-lag, og styreleiaren fryktar den lange reisetida vil gå ut over det sportslege.

Øvstetun og Årdal
Foto: Stig Høynes/Birger Meland / NRK

– Eg er rimeleg overraska over avdelingsoppsettet, seier styreleiar for Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun.

Det nye oppsettet for 2015-sesongen for 3.-divisjonslaget viser at dei skal spele mot to lag frå Kristiansund og fleire lag på Sunnmøre.

I fjor måtte Årdal finne seg i å reise fleire turar til Sunnmøre for å spele kampar, i år må dei enda litt lenger.

– Eg rekna med vi måtte til Sunnmøre i år også. No har dei tilgodesett lag frå Bergensområdet og i staden må vi to turar til Kristiansund. For å vere heilt ærleg veit eg ikkje korleis vi kjem oss opp dit ein gong, men det vi veit er at vi har 7,5 time effektiv køyring kvar veg, seier han.

Vanskeleg å få med seg familiefolk

Øvstetun meiner det ikkje er tvil om at oppsettet gir laget fleire utfordringar.

– Vi blir nøydd til å overnatte, og vi kjem til å slite med å få med oss familiefolk på dette. Eg tykkjer måten dette er sett opp på er eit klart ønskje om å kvitte seg med enkelte lag som ikkje ligg i sentrale strøk i fotballnorge.

Han meiner geografien ikkje er teke høgde for når laget må ut på lange turar for å kome seg til kamp.

– 7,5 time effektiv køyring, då er eg langt inne i Sverige eg, om eg reiser frå Årdal. Det hadde vore betre, rimelegare og gitt kortare reisetid å spele mot lag ifrå Østfold, seier han.

Øvstetun trur at dersom denne utviklinga held fram vil dei til neste år spele i Trøndelag og Nordland for å setje det på spissen.

– Til slutt blir det slik at det ikkje vert mogleg å ha med familiefolk. Dette handlar ikkje om pengar, men om tid. Kreativiteten som fotballforbundet viser rundt dette står til stryk, seier han.

Enklare å spele på Austlandet

Øvstetun seier laget er inneforstått med at dei må reise uansett, men er ikkje fornøgd med at dei no må reise heilt til Nordmøre.

– Altså, eg har passert Svinesund på sju timar, seier han for å forklare avstanden.

– Viss desse oppsetta held fram slik, så er det med på å ta knekken på ein del etter kvart. Eg tykkjer det er tungt. Berre det å få sjøførar til å køyre buss til og frå vert ei utfordring. Om vi skal prøve utan overnatting lyt vi ha to sjåførar.

Laga dei spelte mot i Hordaland sist sesong er ikkje med under deira avdeling neste år. Øvstetun kunne gjerne sett at dei heller skulle krysse fylkesgrensa i sør for å spele kamp.

– Vi kunne spelt i Hordaland, Buskerud og i Oppland og heile austlandsområdet, det hadde vore mykje enklare, seier han.

Går utover det sportslege

Sesongen 2014 hadde laget sju mann som jobba skift, ofte 12-timars skift i helgane.

– Ein del av dei syntest det var tungt då, og komande sesong risikerer vi at ein eller to ikkje kjem til å prioritere fotballen. Sportsleg sett vert vi då svekka, seier han.

– Eg er litt frustrert no. Men det går vel over det og.

Når han ser på laga Årdal møter neste sesong, så trur han dei har moglegheit til å halde seg i 3. divisjon og gjere det betre enn dei gjorde i år.

3. DIVISJON, AVDELING 8:

  • Kristiansund FK
  • Kristiansund BK 2
  • Herd
  • Skarbøvik
  • Volda
  • Hødd 2
  • Bergsøy
  • Spjelkavik
  • Brattvåg
  • Eid
  • Stryn
  • Florø 2
  • Sogndal 2
  • Årdal

Forstår reaksjonen frå Årdal

Svein Olav Myklebust

UTFORDRANDE: Dagleg leiar i fotballkrinsen i fylket, Svein Olav Myklebust ber klubbane melde tilbake kva ulemper dei møter på.

Foto: Arve Uglum / NRK

Dagleg leiar i fotballkrinsen i Sogn og Fjordane Svein Olav Myklebust seier det er komplisert å lage serieoppsett.

– Biletet endrar seg år for år. Det er ein enorm jobb for å få alt på plass, seier Myklebust. Han legg til at forbundet har signalisert at oppsettet skal varierast år for år, nettopp for å unngå at dei same klubbane får stor reisebelastning.

Han har forståing for at årdølane reagerer.

– Eg ser kva klubbar det er utfordrande for. Og det blir andre året på rad at Årdal får lang reise, seier Myklebust.

Han ber klubbane melde tilbake til forbundet og dokumentere ulempene dei har.

– Eg vil tru at forbundet lyttar når dei får dokumentert korleis stoda er, seier Myklebust og legg til at det er lite å gjere med oppsettet når det først har kome.

– Det hjelper ikkje å bruke tid og krefter på det no. No må ein berre gjere det beste ut av det, seier Myklebust.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.