Sjå bilete frå raset på Viksdalen
Vegen vert ikkje opna måndag, og vegvesenet skal vurdere opning i løpet av tysdagen. Det er omkøyring om Førde og Rørvikfjellet.
Hovudraset er rundt 60 meter breitt, og starta omlag 200-300 meter oppe i fjellsida.
Foto: Magnar Hellebust
Skulen stengd
Skulen i Viksdalen var i dag stengd på grunn av mykje vatn. Det rann vatn langs vegen over ein strekning på 500 meter. Men vegen var ikkje stengd, og bilane kunne komme seg forbi.