NRK Meny
Normal

Lang liste med stengde vegar

Det er vanskelege køyreforhold på vegane, åtvarar Vegtrafikksentralen. 10 vegar i Sogn og Fjordane er no stengde eller har kolonnekøyring.

Illustrasjonsfoto

RASFARE: Ei rekkjer stader i fylket vart bommane stengde måndag ettermiddag grunna stor snøskredfare.

Foto: NRK

– Det er komme mykje snø, og det er nullføre. Mange stader er det også mykje vind, særleg i ytre deler av fylket og i fjellet. Det byrjar å gi vanskelege køyreforhold, seier vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Problem i Sogndalsdalen

Tidlegare på dagen opplevde mange bilistar føret som spesielt vanskeleg på snøutsette riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Her måtte entreprenøren sette i verk ekstra tiltak.

– Vi brukar eigentleg ikkje å strø når det snør, men i dag vart det litt spesielt føre så då valde ein å strø. Etter det har vi ikkje fått klager. Men føret kan endre seg raskt når det kjem mykje snø, åtvarar Molvær.

Stengde fleire vegar klokka 17

For dei som har tenkt seg over fjellovergangar er det verdt å merke seg at riksveg 13 over Vikafjellet er stengd og blir ikkje opna måndag. Aurland – Hol har kolonnekøyring, mens riksveg 52 Hemsedalsfjellet kan få kolonnekøyring på kort varsel. Det same gjeld fylkesveg 53 Årdal–Tyin.

– Slike dagar er det nok E16 Filefjell som er best å køyre, er rådet frå Vegtrafikksentralen.

Måndag ettermiddag vart ei rekkje mindre fylkesvegar stengde etter føre-var-prinsippet.

– Vi har fleire fylkesvegar i Nordfjord som stengde klokka 17. Desse opnar vonleg att klokka 08.00 i morgon tidleg, opplyser Ketil Molvær.

NVE si skredvarslingsteneste Varsom.no har kategorisert snøskredfaren i Sogn og Fjordane til oransje nivå, det nest høgste, måndag kveld.

Desse vegane er stengde måndag kveld på grunn av snøras eller fare for ras:

  • Riksveg 13 Vikafjellet
  • Fylkesveg 50 Aurland – Hol, kolonnekøyring
  • Fylkesveg 92 Stordalsstølen (Hordaland grense) – Bjordalen
  • Fylkesveg 241 Gudvangen – Bakka
  • Fylkesveg 664 Fossebakken – Navelsaker
  • Fylkesveg 664 Ytrehorne – Otterdal
  • Fylkesveg 720 Hjelleøyane – Erdal
  • Fylkesveg 722 Veslebygda – Flo
  • Fylkesveg 723 Bødal – Hogrenning, på strekningen Bødal – Loen
  • Fylkesveg 724 Sunde – Rustøyane, på strekningen Briksdal – Olden

Vêrvarsel som gjeld til midnatt

Sogn og Fjordane får søraust sterk kuling utsette stader. Snø og sludd, regn i ytre strok. I ettermiddag dreiing til sørvest sterk kuling, i kveld kortvarig liten storm ved Stad. Regnbyer og haglbyer. Snøbyer over 400–800 meter. Utrygt for tore.

Vêrvarsel for tysdag:

Natt til tysdag sørvest stiv kuling, minkande. Frå tysdag morgon skiftande bris. Tysdag ettermiddag auke til nordleg liten kuling på kysten. Skiftande skydekke. Enkelte sluddbyer og snøbyer, regnbyer på kysten. Litt lågare temperatur

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.