Venstre vil ha nynorsk i alle fag

Framlegget om valfritt sidemål vart stemt ned med overveldande fleirtal under Venstre sitt landsmøte i helga. Dei ønskjer meir nynorsk i alle fag.

Venstre slår ring om nynorsk
Foto: Montasje

– Nynorsken er viktig for venstre, vi har alltid stått på for spårkleg likestilling. Det gjer vi framleis, seier Sveinun Rotevatn, førstekandidat for Sogn og Fjordane venstre.

Rotevatn seier det var diskusjonar på landsmøtet om ein skulle innføre valfritt sidemål. Då tok han ordet og sa at likestilling mellom språka våre framleis skulle vere viktig.

– I dette landet har vi to offisielle målformer. Det bør vere sjølvsagt at alle elevar lærer det norske språket i si fulle breidde, både bokmål og nynorsk. Ikkje minst er det viktig for mindretalet at dei kan bruke målforma si i møte med fleirtalet, sa Rotevatn frå talarstolen.

– Det fekk heldigvis overveldande tilslutning av møtelyden, seier Rotevatn til nrk.no.

Negative haldningar

Han seier at framlegget om valfritt sidemål kjem fordi mange på auslandet opplever at sidemålsundervisninga ikkje er god nok og mange har veldig negative haldningar til sidemål.

Venstre sitt svar på dette er å styrke sidemålsundervisninga og gjekk difor inn for å innføre sidemålsundervisning i andre fag enn norsk også, seier Rotevatn.

– Då møter elevane sidemålet sitt gjennom heile skulegangen og ikkje berre i norsktimane, meiner han.

I alle fag

– Ein burde bruke både bokmål og nynsorsk meir i ulike fag. Ikkje berre i norskfaget, seier venstrepolitikaren.

Utfordringa slik Rotevatn ser det er at det særleg for bokmålsbrukarar så ser ein lite nynorsk i kvardagen.

Venstre sitt landsmøte slo ring om nynorsken under programbehandlinga av nytt stortingsvalprogram denne helga.

Rotevatn meiner dette kan vere eit konkret tiltak som kan vere med på å skape betre haldningar til sidemålsundervisning generelt og nynorskundervinsning spesielt.

– Du er ikkje redd for at dei som i utgangspunktet ikkje likar nynorsk skal mislike målforma enda meir dersom dei må møte det i alle fag?

– Nei, det vi veit er at når ein betrar sidemålsundervisninga, så får ein betre haldningar til sidemål og betre opplæring og elevane blir meir glad i målforma.

– Det er rom for å gjere sidemålsundervisning betre, men å gjere den valfri er ikkje noko vi støttar. Det er ein dårleg ide.