NRK Meny
Normal

Landslagsuttak gir Sogndal hovudbry

Både Eivind Daniel Røed og Ørjan Hopen er uttekne til G18-landslaget sin dobbelkamp mot Polen i september.

Ørjan Hopen og Eivind Daniel Røed.

Ørjan Hopen og Eivind Daniel Røed er begge uttekne til G18-landslagskamp når opprykksjagande Sogndal møter Follo på bortebane 5. september.

Foto: NRK

Berre timar før Sogndal spelar sesongens 20. seriekamp borte mot Follo på Ski stadion, møter det norske G18-landslaget Polen til treningskamp 30 mil unna - på Levermyr stadion i Grimstad.

Harald Aabrekk

Harald Aabrekk og Sogndal vil i nær framtid avgjere om dei vil be forbundet flytte Follo-kampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Uttekne til oppgjeret er både Eivind Daniel Røed og Ørjan Hopen.

- Seier du det. Det visste eg ikkje før du ringde. Vi må vurdere kva vi skal gjere med dette, seier sogndaltrenar Harald Aabrekk.

- Ynskjer begge med

Begge dei landslagsuttekne spelarane figurerte då Sogndal tapte 0-1 for Tromsdalen søndag. Røed spelte heile kampen, medan Hopen kom inn som innbyttar i sluttminutta.

- Vi ynskjer sjølvsagt å ha begge med til Follo, seier Aabrekk.

Klubben kan be forbundet om at spelarane blir fritekne frå samlinga, men det er nok mest aktuelt å be forbundet om å flytte Follo-kampen for å unngå kampkollisjon. Dette er noko Sogndal kan gjere med fleire landslagsuttekne spelarar.

I same periode skal også Even Hovland ut i gjevt oppdrag for U21-landslaget. 3. og 7. september møter Norge Kypros og Slovakia.

- Den helga blir ei utfordring både for NFF og oss. Det går nok mot flytting, seier sportsleg leiar Trond Fylling.

Overlet til andre

Røed seier han overlet til leiinga i Sogndal og fotballforbundet å avgjere kvar han spelar fotball 5. september. Helst ynskjer han å vere med på alle kampane.

- Eg er ikkje fast på laget til Sogndal, så eg har alltid lyst til å vere med på kampane for å bli fast. Samstundes er dette siste samling før EM-kvaliken i haust, og den vil eg veldig gjerne ha med meg, seier han.

Norge møter Polen både 1. og 5. september under samlinga på Sørlandet.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast