Hopp til innhold

Landslagstrenar såg Udjus

Keepertrenar på landslaget, Frode Grodås, var mellom publikumarane som laurdag såg Sogndal slå Molde 2-1 på Fosshaugane.

Frode Grodås og Yngve Hallén på Fosshaugane.

VURDERTE: Landslagets keepertrenar, Frode Grodås (t.v.), såg Kenneth Udjus kome best ut av duellen med landslagskeeper Espen Bugge Pettersen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den tidlegare fotballproffen sat saman med fotballpresident Yngve Hallén og såg to av landets truleg beste keeperar sleppe inn høvesvis to og eitt mål.

– Det er to gode norske keeperar ute på her. I jobben min er det viktig å vere oppdatert, men eg har registrert at det har vore mykje bra keeperspel i Sogndal, seier han.

– Prestert godt over tid

Landslagsleiinga presenterer onsdag troppen som i månadsskiftet mai/juni skal møte England og Kroatia i privatlandskamper.

Molde-keeper Espen Bugge Pettersen og Viking-keeper Rune Almenning Jarstein har dei siste kampane bytta på å vakte buret til landslaget. Fleire har teke til ordet for at Kenneth Udjus bør får sjansen. Og Grodås er vel kjend med sørlendingen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kenneth Udjus

VISSTE IKKJE: Kenneth Udjus visste ikkje at landslagets keepertrenar sat på tribunen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– No har han prestert godt over så pass tid, at vi har følgd med han, seier han.

– Betyr det at han er ein av dei de diskuterer internt i landslagsleiinga?

– Ein tek til ei kvar tid ut dei beste keeperane. Vi har fleire som har spelt godt og det er mange spennande keeperar no. Men det er dermed ikkje sagt at vi er misnøgde med dei som har stått i det siste, seier Grodås.

«Late bloomer»

Honndølen nemner mellom andre Andre Hansen i Odd Grenland og Aalesunds Sten Grytebust.

– Udjus har kome i gang litt seint og endeleg fått statusen som førstekeeper. Han er ein «late bloomer», seier han.

Hovudpersonen sjølv tek det heile med knusande ro når NRK.no fortel at Grodås var på tribunen.

– Det visste eg ikkje. Det var jo ein som var på førre samling som stod i andre enden av bana i dag, og det kan ha med det å gjere, seier han.

– Kjedeleg baklengs

Udjus vart ikkje sett på dei heilt store prøvane i toppkampen mot Molde. Likevel vart det ein baklengs.

(Artikkelen held fram under biletet)

Espen Bugge Pettersen

TO BAKLENGS: Espen Bugge Pettersen måtte plukke to ballar ut av nettet i kampen mot Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det var kjedeleg det målet. Eit overlegg som vi ikkje klarer å følgje heilt inn. Han kjem tett på og får kanontreff. Elles føler eg at vi har bra kontroll utpå der, seier Udjus.

Vil ha poeng i banken

Om han blir med i uttaket som kjem onsdag ofrar ikkje Udjus ein tanke.

– Det er klart at de (media, red. anm.) snakker om det, men det gjer ikkje eg. Vi har ny kamp allereie på tysdag. Elles er det viktig å stå så godt som mogleg og låse så mange poeng som mogleg i banken i løpet av mai. Det er ein lang sesong att, seier sisteskansen til tabelltoar Sogndal.