Hopp til innhold

Landslagstrenar ber Valsvik vurdere å byte klubb

– Gustav gjer truleg lurt i å sjå kva alternativ han har neste sesong.

2018 World Cup Qualifications - Europe - San Marino v Norway

LANDSLAGET: Den tidlegare Sogndal- og Strømsgodset-spelaren spelte fire av kampane i den siste VM-kvaliken, medan to er privatlandskampar.

Foto: Alberto Lingria / Reuters

Det seier assistenttrenar for det norske A-landslaget i fotball, Per Joar Hansen.

Søndag rykte Gustav Valsvik og Eintracht Braunschweig ned til 3. liga i Tyskland. Ikkje gunstig for ein 24-åring med landslagsambisjonar.

– Det er ein tøff liga, men er ein på tredje nivå i kva som helst europeisk liga, så er det vanskeleg å konkurrere om ein plass på landslaget, seier Hansen.

– Må vekk

Det tenkjer også Gustav Valsvik, som til no har 60 kampar med flagget på brystet. Seks av desse for A-landslaget. Vikjen vil gjerne ha fleire. I år skal Norge ut i EM-kvalifisering.

– Skal eg halde fram på landslaget, så må eg spele ein annan stad, seier han.

– Så det freistar ikkje å bli med ned i 3. liga?

– Det gjer ikkje det. Det kan eg skrive under på. Men eg veit ikkje kva som skjer.

Alltid vurdert

Hansen seier Vikjen framleis er ein spelar han og landslagssjef Lars Lagerbäck vurderer.

Per Joar Hansen

ASSISTENT: Per Joar Hansen er spent på kvar Gustav Valsvik spelar fotball neste sesong.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Dess høgare nivå ein spelar på, jo betre er det for sjansane til å komme på landslaget.

– Sidan vi tok over landslaget har Gustav alltid vore med i bruttotroppen til vurdering for ein midtstopparplass. Det veit han. Så får vi sjå kva neste steg blir for han med omsyn til ny klubb, seier Hansen.

Frå nesten opprykk til nedrykk

Årets sesong har vore ein gedigen nedtur Valsvik og den tyske klubben som i fjor spelte om opprykk. Med berre tre poeng på dei siste sju kampane var nedrykket eit faktum etter 2–6 for Holstein Kiel.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er heilt sjukt at vi klarer å rykkje ned og at vi på dei sju siste kampane ikkje fekk poenget som kunne gjort at vi klarte oss, seier han.

– Det har ikkje gått opp for meg endå, men etter 34 kampar så er det fortent, legg han til.

Ingen kasteball

Gustav Valsvik

UNDER KONTRAKT: Gustav Valsvik sin kontrakt med Eintracht Braunschweig går ut sommaren 2020.

Foto: Nils Gunnar Finne

Tabellen viser at Valsvik & co. ikkje har vore noko kasteball. Berre tre av 18 laga har sleppt inn færre mål. Seks har tapt like mange eller færre kampar. Ingen har like mange uavgjort som Eintracht Braunschweig sine 15. Det skil 21 poeng frå nedrykk til opprykk.

Laget har sårt sakna Domi Kumbela og Christoffer Nymann, som til saman scora 24 mål i fjor. Begge har vore skadde store delar av årets sesong.

– Det er det vi sit att med no. Vi scora ikkje måla som avgjorde kampane, seier han.

Med unntak av årets siste 34 minuttar, har han spelt alle seriekampane.

– Eg føler eg har prestert bra og tatt nye steg frå i fjor, men alt det blir kryssa vekk når ein rykkjer ned, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..