Hopp til innhold

Ferdig i Tyskland - no trenar Hovland med Sogndal

Etter tre år i tyske Nürnberg er midtstoppar på landslaget, Even Hovland, tilbake i Norge. 28-åringen står utan kontrakt frå juni, og anar ikkje kva som skjer vidare.

Even Hovland

TIL DET BESTE FOR BEGGE PARTAR: Even Hovland seier han og klubben vart samde om å ikkje forlenge kontrakten. – Slik som ting har utvikla seg, med at eg ikkje har fått moglegheit til å spele, så var dette det beste for begge partar, seier Hovland til NRK.no.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Alle har sjølvsagt lyst til å vere lengst mogleg i utlandet, men eg er open for alt. Eg får sjå kva som blir det beste alternativet for meg og familien til slutt, seier Hovland til NRK.no.

Med knappe to veker att til VM-kvalifiseringskampen mot Tsjekkia på Ullevaal, står ein av dei faste stopparane på landslaget utan klubb. Tre år med opp- og nedturar på nest øvste nivå i Tyskland enda med at veimingen forlèt Nürnberg utan å vite kvar karrieren går vidare.

– Er det noko interesse rundt deg?

– Det har vore noko interesse, ja, men det får Jim Solbakken ta seg av. Eg tek meg litt fri no, så jobbar han med det.

Hovland sin agent, Jim Solbakken, har ikkje svart på NRK sine førespurnader i dag.

Even Hovland på trening i Sogndal

SOGNDAL: Even Hovland trenar med Sogndal i ferien.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Var benkeslitar

Etter to år i Molde klarte han ikkje å takke nei til proffspel i Tyskland. Sjølv med mykje benkesliting nektar Hovland for at han angrar.

– Ikkje i det heile teke. Det er ei oppleving å kome seg ut og spele fotball i eit anna land.

Den tidlegare Sogndal-spelaren etablerte seg raskt på laget, men etter at laget fekk ein oppsving har Hovland sete mykje på benken.

– Det starta med mykje speletid, men i fjor hamna eg på benken og laget gjorde det bra. Då er det naturleg at ein ikkje får sjansen, når resten av laget spelar godt. I år har ikkje laget prestert godt nok, men eg har likevel ikkje fått sjansen. Då blir det litt vanskeleg, men slik er fotballen.

VM kvalifiseringskamp i fotball Nord-Irland-Norge 2-0.

LANDSLAGSSPELAR: Even Hovland har per no 23 kampar på det norske landslaget. Biletet er frå kampen mot Nord-Irland i mars i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Ventar på uttaket til VM-kvalik

Trass benkeslitinga har Hovland meir eller mindre hatt fast plass på landslaget siste åra. Han etablerte seg på laget under Per-Mathias Høgmo, og har også fått tillit etter at Lars Lagerbäck tok over.

10. juni møter Norge Tsjekkia til VM-kvalifiseringskamp. Tre dagar seinare spelar Norge privatlandskamp mot Sverige. Heime i Norge har Hovland denne veka trena med Sogndal.

– Eg må halde fotballforma ved like, dersom eg blir teken ut. Eg kan ikkje legge meg på latsida.

Veit ikkje kvar han endar

Sogndal slit med mange skadde spelarar, men Hovland vil ikkje vere konkret på spørsmål om han har høyrt noko frå klubben.

– Vi har ikkje prata noko om det, og det er ikkje noko eg har tenkt på. Eg får ta det når det kjem noko konkret frå nokon.

– Er det freistande å kome tilbake til Norge?

– Det kjem an på kva tilbod eg får. Eg må vere tolmodig og sjå kva moglegheiter som byr seg.