Landslagsstjerne reiste frå cupfest til branninferno

Returen frå cupfinalen til fotballivet i Australia vart langt meir dramatisk enn det Elise Thorsnes hadde sett føre seg.

Skogbrann ved Princes Highway i New South Wales i Australia

DRAMATISK: Dei mange skogbrannane som herjar har røyklagt store område, og ført til at fotballaget til Elise Thorsnes må trene og spele kampar i andre byar.

Foto: NSW Rural Fire Service / AFP/NTB Scanpix

I delstaten New South Wales i Australia er det erklært unntakstilstand på grunn av dei mange skogbrannane som herjar landet. Sør i delstaten ligg Australian Capital Territory, der Thorsnes bur i byen Canberra.

Ho merkar godt røyken frå brannane som herjar knappe fire mil unna henne.

Søndag skal dei etter planen møte Sydney på heimebane.

– Heile byen er røyklagt, og dei siste dagane har vi ikkje kunne trena ute. I morgon reiser vi til Sydney for å trene, og så vert mest truleg kampen flytta frå Canberra til Sydney, fortel Thorsnes på telefon frå «down under».

NM-finale fotball kvinner LSK kvinner - Vålerenga

HISTORISK: Siste helga i november vart ho hylla som historisk i Noreg. No spelar ho fotball tett på branninfernoet i Australia.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Må sove med lukka vindauge

Plakat i Canberra i Australia som ber folk lukke dørene på grunn av all røyken.

STENGT: Plakat i Canberra fortel at treningslokala er stengde på grunn av dårleg luftkvalitet.

Foto: Elise Thorsnes / Privat

Leikanger-kvinna som har spela over 100 landskampar for Noreg spelar for tida på korttidskontrakt for Canberra United. I fjor opplevde ho å verte historisk då ho vart den første nokosinne til å ta cupgull med fire ulike klubbar, då Lillestrøm knuste Vålerenga i cupfinalen.

Då ho kom tilbake til Australia etter cupfesten var ho ikkje førebudd på at det var så ille.

– Røyken er ubehageleg, og eg kan ikkje ein gong ha vindauget på soverommet ope.

– Korleis opplever du det å vere midt ein så dramatisk situasjon?

– Det er jo eit område på storleik med Belgia som har brunne og framleis brenn. Det er skikkeleg trist det som skjer.

Må bruke maske

Ho fortel om lagveninner som har måtta flytta frå heimane sine og som må gå med maske fordi dei slit med astma.

Internasjonale nyhendebyrå melder om minst 17 omkomne og 18 sakna personar.

Luftkvaliteten i området er av den dårlegaste i verda.

Sogningen fortel at sikta i byen er svært dårleg og at det ikkje er råd til å ha vindauge eller dører opne i husa.

– Folk er jo ikkje utandørs, og ser du nokon så går dei med maske. Det skulle jo eigentleg vore sol og fint ver her, men sola klarer ikkje å trenge gjennom den tjukke røyken.

Røyk frå brannane har lagt seg som eit tjukt teppe over byen Canberra i Australia.

RØYKLAGT BY: Røyk frå brannane har lagt seg som eit tjukt teppe over Canberra.

Foto: Elise Thorsnes / Privat

Likar seg best på Karmøy

Midt oppe i branndramaet teikna Thorsnes ny kontrakt med gamleklubben Avaldsnes på Karmøy.

– Det er den klubben eg har trivast best i, der eg har hatt det bra både på og utanfor bana.

Planen hennar er å vere i Australia til 22. februar, då kontrakten går ut. Men sjølv om ho no vender heim til Noreg, er målet likevel å få spele igjen i utlandet.

– Der eg har mest lyst til å spele er det anten pause eller halvveges i sesongen så difor vart det vanskeleg å få kontrakt. Då ventar eg til sommaren, og så har eg ein avtale med Avaldsnes at eg kan få etter seks månader om det dukkar opp eit bra tilbod frå utlandet.

Har ingen planar om å gi seg

– Kvar vil aller helst spele fotball?

– England eller Spania freistar mest. Der har det byrja å verte veldig bra, så det vil vere spennande å få prøve seg der.

I tillegg har 31-åringen spelt for Arna-Bjørnar, Røa, Stabæk, Avaldsnes, Utah Royals og LSK Kvinner, sidan ho reiste frå Kaupanger.

– Du er jo blitt ein omflakkande fotballspelar?

– Eg kjenner meg ikkje ferdig. Så lenge kroppen held og motivasjonen er på topp så ser eg ingen grunn til å setje fotballskoa på hylla.