Hopp til innhold

Landslagsspelar høgaktuell for Førde-retur

Landslagsleggjar Jonas Kvalen (21) er i dialog med Førde volleyballklubb om retur til norsk eliteserie.

Jonas Kvalen og Mathias Loftesnes

I DIALOG: Tidlegare Førde-spelar Jonas Kvalen er i dialog med Førde volleyballklubb.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det eitt år lange opphaldet med polske Indykpol AZS Olsztyn gjekk ikkje slik som planlagt, og sunnmøringen jaktar på nytt ny klubb.

Jonas Kvalen har tidlegare spelt to sesongar med Førde.

– Sjansane for retur er der. Dei har prøvd å lokke meg tilbake og har kome med eit framlegg som kan vere aktuelt. Eg har vore på jobbintervju, så det er gode sjansar for at eg takkar ja, seier 21-åringen frå Volda.

Lite speletid

Volleyballigaen i Polen blir rekna for å vere blant dei beste i verda. Kvalen fekk så som så med speletid, og då klubben ikkje makta å nå sluttspelet måtte Indykpol AZS Olsztyn gjere grep. Også for å betre økonomien.

Allereie er over halve spelargruppa bytta ut.

– Det kom ikkje som noko sjokk. Vi var mange som skjønte kva som var i ferd med å skje då det nærma seg sesongslutt og vi akkurat ikkje nådde sluttspelet. Klubben vil opp att i toppen, seier oppleggjaren.

– I seinaste laget

Dermed må Kvalen på klubbjakt og medan interessentar har meldt seg både frå Nederland og norske eliteserieklubbar, har klubbar i dei største europeiske ligaene så langt uteblitt.

21-åringen ynskjer helst å halde fram profftilværet, og nemner både Frankrike, Belgia, Tyskland, Finland, Hellas, Tyrkia og italiensk 2. divisjon som mogeleg arena.

– Eg burde byrja i april/mai, så det er gjerne i seinaste laget eg har fått ein agent til å sjå etter klubbar. Eg søkjer ein klubb som kan gi meg litt meir speletid, seier han.

Avklaring før juli

– Helst ynskjer eg å bli utanlands. I Polen spelte eg i ein av dei sterkaste ligaene i verda, hadde mange gode medspelarar og fekk bryne med mot dei beste laga i verda. Det er ei god erfaring å ha med seg vidare, held Kvalen fram. Vel vitande om at han framleis er ung og kan oppsøkje proffeventyret seinare om det skulle bli Førde-retur.

– Kor raskt bør du ha ei avklaring på framtida?

– Helst før juli, men i fjor signerte eg i midten av juli. Då fekk eg tilbodet i slutten av juni, så vi får berre sjå kva det kan bli, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Kristian Kvammen jublar for seriegull. Til høgre Simon Buvarp.

JUBEL: Tor Kristian Kvammen (t.v.) jubla for seriegull. Gleda blir også stor om Jonas Kvalen returnerer til Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Gull for førde

Dagleg leiar i Førde volleyballklubb, Tor Kristian Kvammen, kryssar fingrane for at Kvalen igjen hamnar i Sunnfjord.

Førde kan lokke med både europacupspel og spel i nordisk liga.

– Jonas er ein av dei aller beste spelarane i Norge, og var med å vinne både cupfinalen og Nordic League med oss i 2011. Vi kjenner han godt og veit kva han står for. Vel han eitt år til med oss, så er det gull for Førde volleyballklubb, seier Kvammen.

– Ikkje blitt dårlegare

– Jonas trena to veker med oss då han kom heim, og det såg veldig bra ut. Han har trena og spelt på eit høgt nivå i eitt år, og er ikkje blitt noko dårlegare sidan han reiste, held Kvammen fram.

– Kor store er sjansane for at Kvalen kjem?

– Han ynskjer å halde fram ute, men eigentleg burde kontrakten vore i boks no. Så sjansane blir større og større for kvar dag som går, seier Kvammen.