Hopp til innhold

Difor var palløpet så utruleg viktig

SJUSJØEN (NRK): Skilnaden mellom å komme godt i gang med sesongen - og ikkje - er heilt avgjerande. Difor jublar landslagssjefen over andreplassen til Tarjei Bø.

Tarjei Bø fossar ut frå standplass

NESTEN: Det vart berre nesten for Tarjei Bø, men sjølv er han godt nøgd med ein andreplass.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er utruleg viktig å få ein god start. Dette byggjer sjølvtillit inn mot det som skal skje vidare i sesongen, seier Morten Aa Djupvik.

Tarjei Bø storma inn til andreplassen på sprinten under sesongopninga på Sjusjøen. Berre ein bom på det aller siste skotet på ståande skilde han frå å kunne klatre heilt til topps. I staden gjekk sigeren til tyske Simon Schempp.

– Eg har lyst å vere bra heile vinteren, og eg trur eg er den typen som kan vere bra frå første til siste renn, så eg håpar at alt går på skinner framover med helse og slikt, seier Bø til NRK etter målgang.

– Nesten bra at nokon kom og slo meg

Og akkurat det er landslagssjefen oppteken av. For det er viktig å komme inn i ei flytsone så raskt som mogleg. Då går det meste av seg sjølv.

Ikkje minst er det viktig i ein sesong der det store høgdepunktet er VM på heimebane.

– Eg er ikkje overraska over at Tarjei går så godt her. Både han og Johannes har vore solide i sommar - og kanskje særleg Tarjei. Samstundes har han meir å gå på, seier Aa Djupvik.

Simon Schempp slo Tarjei Bø med 13 sekund. Sjølv seier Bø at han ikkje hadde fortent å vinne med to bom.

– Det har ikkje skjedd at nokon har vunne ein sprint med to bom dei siste to åra. Det var nesten bra at nokon kom og slo meg, seier han.

Fullt hus på første skyting.

Ville hjelpe broren - gjekk ikkje forbi tyskaren

Johannes Thingnes Bø hamna til slutt på sjetteplass. Han fekk tre bom på liggande skyting og fekk eit svakt utgangspunkt. Han fortel at han heldt litt tilbake på siste runden for å hjelpe storebror.

– Eg er bra nøgd med opninga. På siste runda høyrte eg at Schempp kjempa med Tarjei, så då kunne eg ikkje gå forbi han. Så Tarjei skuldar meg ein, seier han.

Landslagssjefen meiner brørne har lagt gode planar for det som skal skje vidare framover. Om to veker er det verdscupopning i Østersund.

– Kor gode er desse prestasjonane når det kjem til stykke?

– Det er vanskeleg å seie, men både Schempp og Fourcade skal jo nornalt sett også vere der. Men uansett var det ei bra gennomkøyring, seier Aa Djupvik.

Johannes Thingnes Bø bomma tre

TRE BOM: Johannes Thingnes Bø fekk ingen god start på sprinten, då han fekk tre bom på liggande.

Foto: Rune Fossum / NRK