NRK Meny
Normal

Kjerstin (19) mister heile sesongen

Alt gjekk gale då stortalentet Kjerstin Boge Solås skulle få ti minutt kamptrening etter nesten eit halvår utan. Treningskampen enda med operasjon for Tertnes-spelaren.

Kjerstin Boge Solås i NM håndball, cupfinale kvinner 2016: Larvik HK - Tertnes Elite.

TOPPSKÅRAR: Kjerstin Boge Solås vart toppskårar i NM-finalen i vinter, då Tertnes tapte mot Larvik. No må ho sjå årets sesong frå sidelinja.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Ho skulle ta ei finte framover, og så var ho uheldig og trakka litt skeivt. Då rauk korsbandet, fortel mamma Trude Boge på telefon frå Haraldsplass diakonale sjukehus i Bergen.

Der jobbar legane søndag ettermiddag med å reparere det høgre kneet til handballspelaren frå Dale i Sunnfjord. Ein operasjon på halvanna time som etterpå vil sette Boge Solås ut av spel heile komande sesong.

– Dei seier det bør gå eitt år, før ho er heilt tilbake, seier mora.

Kjerstin Boge Solås vart for alvor eit namn i handballverda då ho i fjor haust vart den yngste norske spelaren i eit EM nokosinne.

Vel å sjå framover

Kjerstin Boge Solås med tommel opp og tommel ned

TOMMEL OPP: Kjerstin Boge Solås gir tommel opp på Snap-bilete mamma Trude Boge fekk sende til ivrige fans og støttespelarar land og strand rundt. – Klar for comeback, skriv mora om dottera som er klar til å ta tida til hjelp for å kome tilbake i toppen.

Foto: Trude Boge

Men i vinter har det gått litt trått for sunnfjordjenta. Det venstre kneet har blitt sjekka i fleire rundar, men ingenting har vore gale. Boge Solås har akseptert at ho har overbelasta kneet, og valte blant anna å stå over to samlingar med landslaget.

Då ho torsdag skulle få kamptrening i treningskampen mot Viking, var det for første gong på fem månader. Ingen trudde det var så alvorleg då ho først gjekk i bakken.

– Ho ramla, men reiste seg og gjekk på foten også etterpå. Men så viste det seg at korsbandet var rett av, seier mamma Trude Boge.

– Korleis har ho reagert?

– Ho var veldig lei seg først, men så kom viljen til å kjempe. Ho ser framover og ikkje bakover.

– Ho kjem tilbake

Likevel er det ikkje til å legge skjul på, for ein 19-åring som blir spådd ei lysande karriere på handballbana blir det knalltøft å stå på sidelinja eit heilt år.

– Ho er målbevisst og veit kva ho vil. Det er ikkje noko anna val enn å kome tilbake. Kjerstin legg stein for stein, og er tøff når det gjeld.

Etter operasjonen i Bergen i dag, må Boge Solås bu seg på hardt arbeid med fysioterapi og opptrening. Det arbeidet startar allereie i morgon.

– Eg har ingen tvil om at ho kjem tilbake. Ferdig med det, seier mora skråsikkert.

– Ein blir trist og lei

– Ein blir litt lei seg, og spesielt trist og lei på spelaren sine vegne når slike ting skjer, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson til NRK søndag.

Han seier kneskadar som dette er omfattande og tek tid å kome seg etter.

– Men samtidig veit vi at det er veldig mange som kjem tilbake, sterkt tilbake, og kan halde fram i mange år etterpå. Så vi får håpe det går den vegen for Kjerstin.

Kjerstin Boge Solås i EM håndball kvinner i Sverige. Scandinavium Gøteborg.

EM-GULL: 16. desember i fjor kunne Kjerstin Boge Solås heve sigerstrofeet og juble over finalesigeren over Nederland.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.