NRK Meny
Normal

Førde får landskyttarstemnet i 2017

Under årets Landskyttarstemne i Oppdal vart det avgjort at det er Førde som får skyttarstemnet i 2017.

Landskyttarstemne

FØRDE VANN: Landsskyttarstemnet 2017 vert arrangert i Førde. Leiar i Førde skyttarlag, Stein Mortensbakke er fornøgd.

Foto: privat/Heidi Lise Bakke

Førde vann med 39 stemmer mot 17 til Voss under Skyttartinget laurdag. Dermed er det klart at Landskyttarstemnet 2017 vert arrangert i Sunnfjord.

– Det var ein heftig debatt som gjekk over to timar der det var veldig mange som hadde synspunkt. Til slutt vart det ei skriftleg avstemming der Førde fekk 39 stemmer og Voss fekk 17, seier leiaren i Førde Skyttarlag, Stein Mortensbakke.

Landsskytterstemnet er Norges største skytearrangement og eit av Norges største idrettsarrangement. Det vert arrangert kvart år som eit opent NM innan ulike øvingar og vert arrangert av Det frivillige Skyttervesen.

Skyttarane skyt både i felt og baneskyting med rifle. Menn og kvinner i alle alderstrinn deltek på stemnet. Den beste skyttaren i klasse 3–5 på bane blir skyttarkonge/skyttardronning.

Viktig for fylket

Mortensbakke seier at det er ikkje berre det å arrangere stemnet som er viktig. Å få stemnet er svært viktig for heile skytesporten i Sogn og Fjordane, meiner han.

– Det er jo det det gir skytesporten i fylket generelt med samarbeid mellom lag og rekruttering. Og ikkje minst det å få merksemd rundt skytesporten for å skape betre skytemiljø, fortel Mortensbakke.

På Skyttartinget, altså årsmøtet til Det frivillige Skyttervesen, var alle einige i at begge var gode arrangørar. Så Mortensbakke var glad då det blei klart at Førde fekk æra av å arrangere stemnet.

– Vi hadde god tru på at det skulle bli oss. Vi hadde eit av dei beste stemna som har vore gjennomført i 2008, så sjansane våre var gode. Einaste argumentet til Voss er at dei har bygd opp ein arena som er større og enda meir moderne, seier Mortensbakke.

Gedigen suksess

– No blir det ein del jobbing framover. Både med utbygging og med sponsormarknaden og samarbeidspartnarar og planlegging. Vi vil prøve å dra med heile Sunnfjord og til dels Nordfjordregionen på detta, seier Mortensbakke.

Han seier bana i Kråkenesmarka er god, publikumsområdet er bra og feltskyteområdet er bra. Dette meiner han er faktorar som kan bidra til eit godt stemne i 2017 og.

– Det var ein gedigen suksess sist vi hadde stemne. Så det håpar vi å få til i 2017 og.

Mortensbakke seier det vil koste ein del å arrangere stemnet, men at ein i tillegg får inn mykje i tillegg.

– Vi sat jo att med eit overskot i 2008, så det håpar vi på i 2017 og, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune