Hopp til innhold

Først vart han utteken, så gjekk landslagsdebuten i vasken

Tidleg på onsdag fekk Florø-spissen Kristroffer Ryland (18) beskjed om at han var teken ut i troppen til U19-landslaget. Etter kampen mot Molde fekk han vite at turen til Romania går i vasken.

Kristoffer Ryland

MISSER LANDSKAMP: Kristoffer Ryland, Florø.

Foto: TRULS KLEIVEN

Årsaka er at han var etteranmeld i troppen, og UEFA godtek ikkje tidspunktet han var innmeld på, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

– Det er forferdeleg beklageleg og sjølvsagt tungt for Kristoffer. Men det er ikkje noko å gjere med det.

Denne dagen vart dermed ei kjenslemessig berg og dal-bane for Ryland. Først beskjed om at han var utteken på landslaget, så cupkampen mot Molde, og så fem minutt etter kampen beskjeden om at det likevel ikkje blir landslagsdebut.

– Det er tungt for han, men han kjem heilt sikkert til å få sjansen igjen, seier Rognsø.

Molde vann knipent mot Florø