Hopp til innhold

Landbruksministeren lovar at villreinen skal kome tilbake i Nordfjella

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) kjenner seg rimeleg trygg på at villreinen vil vere tilbake i Nordfjella om fem år.

reinsjakt på Hemsedalsfjellet

FJERNA VILLREINSTAMME: Mattilsynet har måtte tole mykje kritikk for den raske avgjerda om å skyte ned heile villreinstammen i Nordfjella. Mange meiner dette ikkje er rette måten å gjere det på.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

I vinter tok norske styresmakter livet av ein heil villreinstamme på kring 2000 dyr. Målet er å hindre at den frykta skrantesjuka skal spreie seg. Planen til Mattilsynet er å byggje opp att villreinstammen i Nordfjella om fem år.

David Edmunds

SKEPTISK: Forskar David R. Edmunds ved Colorado State University.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Men amerikanske forskarar trur at smitten kan liggje i jorda mykje lenger enn det. I USA har skrantesjuka herja i kring 50 år og utrydda hjortedyr i 25 statar.

– Forsking som er gjort på området kan tyde på at smitten kan leve opp til 16 år, utan å bli brote ned. Truleg lenger, seier forskar David R. Edmunds ved Colorado State University.

Deler ikkje skepsisen

Landbruksministeren høyrer kva dei amerikanske forskarane seier, men deler ikkje skepsisen deira. Han syner til at norske styresmakter har ein todelt plan som både skal sikre at alle potensielt smitteberande dyr vert sanerte, samstundes som dei let beiteområda ligge brakk så lenge at smitten skal vere borte.

Landbruksminister Jon Georg Dale

HAR TRUA: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Kan du i dag garantere at det kjem villrein tilbake i Nordfjella?

– Ja, er det korte og kontante svaret frå Jon Georg Dale.

– Har god kunnskap

– Amerikanske forskarar meiner fem år er for kort periode. Kva tenkjer du om at det kan ta lenger tid å få fjerna smitten?

– Vi har fått mykje kunnskap sidan smitteutbrotet. Men eg skal ikkje utelukke at vi undervegs må justere planane våre, men den førebelse vurderingar av fagfolka her til lands er at fem år er tilstrekkeleg. Viss det er behov for å justere den planen, basert på oppdatert kunnskap, så gjer vi sjølvsagt det. Men planen er framleis å reetablere stammen i løpet av fem år med den kunnskapen vi har i dag, seier Dale.

– Bakken er ureina

Lang erfaring har fortalt amerikanske forskarar at sjukdomen ikkje berre smittar gjennom direkte kontakt mellom dyra, men også via bakken.

Todd Cornish

USIKKER: Professor Todd Cornish ved University of Wyoming.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Mi kjensle er at dersom det finst ti smitta dyr i eit mindre geografisk, avgrensa område så må du bekymre deg for at miljøet er forureina. Og at det vil føre til nye sjukdomstilfelle i framtida, sjølv om du brakklegg området, seier Todd Cornish, patolog og professor ved University of Wyoming

Rosar jaktlaget

Landbruksministeren rosar elles innsatsen til jaktlaget som har teke ut villreinstammen. Jobben deira er alt gjort.

– Den er heilt formidabel. Vi sette fristen til 1. mai, og trudde kanskje vi skulle få problem med å rekke det. Innsatsen til jaktlaget har vore svært bra og svært viktig for at vi skulle klare å sanere villreinstammen og slik hindre at smitten spreier seg.