Hopp til innhold

Unni og Arne Einar er med å skape store verdiar

BREIM (NRK): Jordbruket, skogbruket og foredlingsindustrien knytt til desse næringane skaper årleg verdiar for 1,7 milliardar kroner – og det berre i Sogn og Fjordane.

Unni og Arne Einar Reed

Ekteparet Unni og Arne Einar Reed frå Breim har bygd ny samdriftsfjøs til 12 millionar kroner. Dei er glade for at jordbruket skaper store verdiar i fylket, men fryktar samtidig at ein større del av den framtidige verdiskapinga i næringa vil kome på Austlandet.

Foto: Bård Siem / NRK

I desember i fjor vart 42 kyr og om lag 90 ungdyr flytta inn i det nye store lausdriftsfjøset til Arne Einar Reed på Breim.

Prislappen var på 12 millionar kroner og Reed er avhengig av låge renter og gode prisar på mjølk og kjøt for å få det heile til å gå i hop.

– I tillegg er eg avhengig av at overføringssystemet blir ført vidare, i den forstand at ikkje ein større del av den samla statsstøtta går til bøndene på Austlandet, seier Reed.

Han er ein av vel 5000 personar i Sogn og Fjordane som jobbar innan jordbruk, skogbruk og foredlingsindustri knytt til desse næringane. Tal frå Norsk institutt for bioøkonomi viser at dei skapar store verdiar for fjordfylket – meir nøyaktig 1,7 milliardar kroner årleg.

Fryktar Austlandet tek over

Einar Arne Reed er imponert over at næringa han jobbar i skaper så store verdiar, men fryktar samstundes at meir og meir av verdiskapinga vil kome på Austlandet.

Det verkar som om regjeringa vil overføre ein større del av mjølkeproduksjonen til Austlandet.

Arne Einar reed

Han meiner Austlandet må ta seg av kornproduksjonen som i dag, og at Vestlandet får halde oppe naudsynte overføringar til å kunne drive lønsam mjølk- og kjøtproduksjon.

Arne Einar Reed

Arne Einar Reed har punga ut 12 millionar kroner for det nye samdriftsfjøset på Breim. Han har for tida 42 mjølkekyr i fjøset. Med alle ungdyra blir det over 130 storfe.

Foto: Bård Siem / NRK

885 millionar frå jordbruket

Det er Norsk institutt for bioøkonomi som presenterer det samla faktagrunnlaget for verdiskaping i landbruket og skogbruket i fylket. Tala er henta frå 2013, og seniorforskar Heidi Knutsen fortel om stor verdiskaping.

– Verdiskapinga i jordbruket er på 885 millionar, skogbruket 130 millionar og foredlingsindustrien basert på råvarer frå landbruket i fylket er på 600 millionar, seier ho.

– Samla sett er den samla verdiskapinga på om lag 1,7 milliardar. Dette er ein stor sum som viser at landbruket og skogbruket er viktig for Sogn og Fjordane.

Høgast verdiskaping i Gloppen

Det er Gloppen kommune som har høgast verdiskaping i jordbruket fylket, med 107 millionar kroner.

På andreplass følgjer Stryn med 90 millionar, Luster 72 millionar, Sogndal 60 millionar og Jølster 58 millionar. Mjølkeprodusentane står for nær 60 prosent av verdiskapinga i jordbruket.

Målt per innbyggjar er det Hornindal som har den høgaste verdiskapinga, med nær 20.000 kroner per innbyggjar. Gloppen, Jølster, Vik og Gaular kjem på plassane bak.

Over 5000 årsverk

I 2013 var 2800 årsverk i jordbruket i fylket. Sysselsettinga i skogbruket var på 106 årsverk.

Dersom ein også tek med foredlingsindustrien og andre ringverknader, blir det i rapporten slått fast at det samla er i overkant av 5000 årsverk knytt til jordbruks- og skogbruksnæringa. Dette utgjer ni prosent av alle sysselsette i fylket.