Hopp til innhold

Historisk høge overføringar med blåblå regjering

Framstegspartiet ville kutte stort i overføringane til bøndene. Men med landbruksminister frå FrP held overføringane til landbruket seg på historisk høgt nivå.

Illsinte bønder køyrer i kolonne på E39 i Breim for å markere misnøye med staten sitt tilbod

AKSJONERTE: Bønder over heile fylket aksjonerte i fjor sommar mot landbrukspolitikken til den blåblå regjeringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Overføringane har auka jamnt og trutt, men har frå i fjor til i år gått ned frå 14,4 til 14,3 milliardar kroner.

Frank Willy Djuvik

TEK TDI: Frank Willy Djuvik (Frp) seier det tek tid å få endra tilskotssystemet for landbruket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, skulle gjerne sett meir av Frp sin landbrukspolitikk bli gjennomført.

– Dette må vi jo sjølvsagt berre leve med til vi har fått endra systemet og gjort dei endringane som skal til for at bøndene kan hente inntektene gjennom produksjonen dei har og dei varene dei sel.

Han meinar nedgangen i overføringar, kombinert med den positive utviklinga i landbruket, syner at regjeringa sin politikk allereie har byrja å virke.

– Resultat av forhandlingar

Partiet har gjentekne gonger teke til orde for omfattande reduksjonar i dei statlege overføringane til landbruket. Dette utløyste i fjor ei rekkje aksjonar frå bøndene.

Men Reidar Olsen, direktør i Landbruksdirektoratet, seier overføringar på nær 14,5 milliardar kroner er dei høgaste overføringane nokon gong.

Hilmar Høl

LUKKELEG: Hilmar Høl (Ap) er nøgd med at Frp ikkje har fått fullt gjennomslag for landbrukspolitikken sin.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er ein auke når det gjeld råmer for jordbruksforhandlingane. Det er resultat av forhandlingar, seier han.

Nøgd Ap-leiar

Heller ikkje Bøndene i Sogn og Fjordane har tidlegare fått overført meir. Hilmar Høl, fylkesleiar i Arbeidarpartiet, prisar seg lukkeleg over at landbruksminister Sylvi Listhaug og FrP ikkje har fått fleirtal for landbrukspolitikken sin.

– Her er FrP inne med landbruksministeren som ville kutte fem-seks milliardar i sin landbrukspolitikk, men som tydelegvis er blitt skula i meir ansvarlegheit, seier han.

– Landbrukspolitikk tek tid

Dei mest vanlege støtteordningane i landbruket er produksjonstilskot, avløysartilskot og pristilskot. For Sogn og Fjordane ligg beløpet for 2014 i overkant av 730 millionar kroner, ein liten auke frå året før.

Djuvik seier at det tek tid å få endra tilskotssystemet for å få det slik FrP ynskjer.

– Sjølv om framstegspartiet har landbruksministeren, så er landbrukspolitikk noko som tek tid, seier han.