Hopp til innhold

Hans trudde han drog opp fjordbotnen – så knakk stonga

Det gjekk hardt utover fiskeutstyret då Hans Eimhjellen fekk ein breiflabb på 30 kilo på kroken.

Hans Eimhjellen med kleppen som bøygde

STORFANGST: I løpet av ein og ein halv time på Hjørundfjorden ved Bjørke, fekk Hans Eimhjellen og kollegaene seks torsk, ein sei og ein fangst dei truleg vil hugse i lang tid. Kleppen bøygde seg då breiflabben på 30 kilo vart teken om bord i båten.

Foto: Privat

Først då fisken var få meter frå båten forstod Hans Eimhjellen frå Holmøyane kvifor det var så tungt å sveive snøret opp att frå fjorden.

Så knakk stonga, før kleppen bøygde seg.

Breiflabb på 30 kilo

BEIST: Det var torsk kollegaene ved GRS Riflestocks i Hornindal var på jakt etter, og ikkje ein slik storfisk.

Foto: Privat

– Eg trudde det var heile botnen som kom, humrar Hans Eimhjellen om den svære fisken han fredag drog opp frå djupna i Hjørundfjorden på Sunnmøre.

Stonga knakk – kleppen bøygde seg

Eimhjellen var på fisketur saman med kollegaene Eivind Kongsvik og Øyvind Mork.

Og det var sistnemnde som til slutt fekk kleppa monsteret opp i båten, skriv Fjordingen, som var først med fiskehistoria.

Stonga til Hans Eimhjellen brotna i kampen med breiflabben.

FINITO: Hans Eimhjellen er ein ivrig sportsfiskar og har tidlegare landa laks på 15 kilo. – Men stonga knakk på midten i kampen med breiflabben, fortel han.

Foto: Privat

– Stonga knakk då det var fem meter att. Men eg hadde no halve stonga att, så det var berre å sveive på. Då vi kleppen bøygde då vi løfta den om bord, seier Eimhjellen som sjølv likar godt å kjempe mot laksen i Eidselva.

Ikkje norsk rekord

Breiflabben vog 30 kilo.

VEKTA: Vekta viste 30 kilo då breiflabben vart hekta på.

Foto: Privat

Noko norsk rekord er det likevel diverre ikkje innan sportsfisket. Ifølgje friluftsmagasinet Villmarksliv sine offisielle sportsfiskerekordar, er ein breiflabb på 57,5 kilo den største som er fanga i Norge. Den vart fanga frå land med ein stingsild-pilk i Fuglsetfjorden i Høyanger i 1997.

For å bli godkjent sportsfiskerekord, må fisken ha vore fanga med sportsfiskereiskap som pilkestikke, stong, snelle og snøre.

– Ein breiflabb på 30 kilo er relativt sjeldan fangst på stong. I det heile er det uvanleg å få ein breiflabb på stong. Den ligg berre der på botnen og lurer, så du må omtrent sleppe kroken i gapet om du skal få ein, seier Christopher Appleby, mangeårig journalist i Villmarksliv.

– Må ha flaks

– Får ein tak i breiflabb, så har ein flaks. Det må stort sett målretta fiske til for å fange den, legg han til.

Hans Eimhjellen med breiflabben.

OPPLEVING: Hans Eimhjellen saman med breiflabben han drog opp frå fjorddjupna.

Foto: Privat

Det største breiflabben som er fanga i verda, er beistet på 115 kilo som Frank Rune Kopperud frå Kvinnherad fekk i garnet sitt for fem år sidan.

– Det var ein tung, men roleg kamp. Etter ti minuttar hadde vi fått den opp. Det var heilt fenomenalt å få ein slik fangst, seier Eimhjellen som meiner det tidlegare er fanga ein breiflabb på 28 kilo i same området. Også den på stong. Ein annan skal ha fått ein breiflabb på 40 kilo i garnet sitt.

– Fisken vart filetert på i går kveld, så no blir den festmiddag, avsluttar Eimhjellen.