Hopp til innhold

Fekk kontrakt med verdas største snøggbåtoperatør

Brødrene Aa skal lage to katamaranar for kinesiske Chu Kong Passenger Transport (CKS). Avtalen er på kring 160 millionar kroner og den største Hyen-verftet nokon gong har signert.

Brødrene Aa i Hyen

GIGANTKONTRAKT: Brødrene Aa i Hyen skal designe og byggje to katamaranar for ein av verdas største snøggbåtoperatørar.

Foto: Steinar Lote

Det er Firda Tidend som skriv dette i dag.

CKS har ein flåte på 51 snøggbåtar og er ein av verdas største snøggbåtoperatør med sine kring 25 millionar årlege passasjerar mellom Hongkong og fastlands-Kina.

Tor Øyvin Aa

GLEDE: Administrerande direktør Tor Øyvin Aa orienterte sine tilsette om rekordavtalen under eit møte måndag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kystekspressen var stor, men denne er større, seier administrerande direktør Tor Øyvin Aa til avisa om kontrakten dei nyleg landa.

– Ei stor moglegheit

NRK var i kontakt med Aa både tysdag kveld og onsdag morgon, men han ville då ikkje kommentere kontrakten. Verksemda presenterte sjølve nyhenda på sine nettsider i går.

Denne nyhendemeldinga vart seinare sletta.

I meldinga kjem det fram at verftet i Hyen skal designe og byggje to 40 meter lange og identiske fartøy for kinesarane. Båtane skal ha ein kapasitet på 270 passasjerar kvar.

Begge skal byggast i det kostnadseffektive karbonfiberet som Brødrene Aa har utvikla og skal leverast i november 2016 og januar 2017.

– Det er spesielt. Å levere til Kina i våre dagar er spesielt i seg sjølv. I tillegg er dette ein stor kontrakt, så det var ei svært hyggeleg nyheit å formidle til dei tilsette, seier Aa.

Kontrakten er den største eksportordren firmaet har hatt til dags dato. Hongkong og Pearl River Delta er ein av dei største marknadane for snøggbåtar.

Snøggbåt til Kina

NORSK DESIGN: Dei to hurtigbåtane vil bli laga i karbon og ha ein toppfart på 34.

Foto: Illustrasjon / Hareide Design

Kan opne fleire dører

Han ser ikkje vekk ifrå at kontrakten med det kinesiske selskapet kan opne endå fleire internasjonale dører.

– Vi har lenge sagt at vi ikkje kan rekne med å få levere fire til seks båtar årleg på den norske marknaden, så vi må ut. Det å få Kina som ein marknad er svært bra for oss, seier Aa.

Han har alt vore tre gonger i Kina i samband med prosjektet.

– Vi kjenner både marknaden og behovet deira ganske godt, så eg har god tru på at dette vil fungere. Men vi må levere eit godt produkt. Elles vert det ikkje noko utstillingsvindauge, seier Aa.

Er i det segmentet dei ønskjer å vere best

Han fortel at båtane er ganske like kystekspressane som Brødrene Aa leverte til Fosen-Namsos i fjor, og som går mellom Kristiansund og Trondheim.

– Båtane i seg sjølv er kjende for oss, og det er positivt når vi skal levere dei så langt vekk, seier Aa.

Båtane går opp i 34 knop, og er hurtiggåande.

– Det er i det området vi ønskjer å vere best, så å få levere til Kina er flott, seier Aa.