Lam hadde for høge verdiar

Dyra til sauebonde Kristen Sverre Flohaug i Skjolden er dei einaste i bygda som framleis vert sjekka for radioaktivitet etter Tsjernobylulukka i 1986. I alt fire buskapar i Luster vart kontrollerte i år, og i eit lam i Jostedalen vart funne for høge radioaktive verdiar, skriv Sogn Avis. Halveringstida for det radioaktive stoffet Cesium-137 er 30 år, men i Skjolden reknar Flohaug med det vert kontroll av dyra hans også neste år.