Hopp til innhold

Laksevern stoggar ikkje gruveplanar

Den planlagde bergverksdrifta i Vevring vert ikkje stogga sjølv om Førdefjorden vert nasjonal laksefjord.

Det skriv miljøvernminister Helen Bjørnøy i eit brev om det store prosjektet.

Leiinga i Nordic Mining presenterte forrige måndag planar for ei stort steinbrot som kan gje over 100 nye arbeidsplassar og investeringar i millardklassen i Vevring i Naustdal.

Men ordførar Jan Herstad peika på at planane om å gjere Førdefjorden til nasjonal laksefjord kunne føre til vanskar for den planlagde bergverksdrifta.