Då laksefiskar Johnny Kaupang var ute å inspiserte toppen av Nærøydalselva torsdag ettermiddag, fann han ingen lakseyngel mellom to og 10 centimeter. Dette er eit plass fisken likar seg godt i, seier Kaupang. Han er no uroleg for laksestammen.
Etterforskar saka
Det var måndag ettermiddag politiet fekk melding om at delar av Nærøydalselva var brun av møkk. Ein bonde fekk lekkasje i gylleslangen og sleppte ut store mengder møkk. Det er funne død fisk i Giljarhuselva etter utsleppet, og lensmann i Voss, Kåre Rykke, seier dei vil etterforske saka.