Det er stadfesta at det er oppdaga ILA i eit fiskeanlegg i Hyllestad. Fisken i anlegget må no slaktas, seier Torbjørn Lysne i Mattilsynet. Når fisken er slakta må anlegget stå tomt i seks månader og i områda rundt vil det også verte forbod mot å setje ut ny fisk i dei neste to månadane.
Gjer fisken blodfattig
Laksesjukdomen ILA gjer fisken blodfattig, og den døyr etter ei tid. Sjukdomen finst berre i Noreg. Sjølv om sjukdomen er ufarleg for menneske krev Mattilsynet at all fisk i eit smitta anlegg må slaktas.
Mattilsynet fryktar likevel ikkje at dette er byrjinga på ei oppbløming av sjukdomen. ILA har halde seg stabilt og i ein periode med lågare temperaturar er det ikkje fare for ein auke, seier seniorinspektør Torbjørn Lysne i Mattilsynet