Hopp til innhold

Laksesjukdom under kontroll

Mykje tyder på at laksenæringa har fått bukt med den frykta laksesjukdomen ILA her i fylket.

På 90-talet herja sjukdomen, og påførte oppdrettarane store utgifter. Men no friskmelder Mattilsynet områda i Hyllestad som har vore bandlagde på grunn av sjukdomen.

Hyllestad friskmeld

På 90-talet var ILA, eller infeksiøs Lakseanemi, eit stort problem fleire stader i fylket, og for oppdrettar som vart råka av smitten var det einstydande med store tap. Sist blei den dødlege laksesjukdomen påvist i Hyllestad, og området vart bandlagt.

Men seniorådgjevar i Mattilsynet, Paul Negård, seier at anlegget i Hyllestad no er friskmeldt

- Anlegger er slakta ut, vaska, desinfisert og har lege brakk i seks månedar, så då kan vi oppheve sikringssona, opplyser Negård.

Epidemi under kontroll

Negård seier ein aldri kan vere sikker på at sjukedomen ikkje dukkar opp att, men seier at det dei siste åra berre har vore spreidde tilfelle av den svært smittsame laksesjukdomen. 

- Det ser ikkje ut til at det skal bli nye epedemiar slik som på 90-talet, seier Negård.