Hopp til innhold

Lakserømming frå Marine Harvest sitt anlegg i Solund

Ei ukjend mengde fisk har rømt frå Marine Harvest sitt anlegg ved Brattholmen i Solund.

Lakserømming, Brattholmen

– Rømminga vart oppdaga under ein inspeksjon på anlegget måndag, seier Eivind Nævdal-Bolstad som er kommunikasjonssjef i Marine Harvest.

Då vart det oppdaga ei hol i nota. I merden stod det i utgangspunktet 192 000 fisk, med ei snittvekt på 3,5 kilo.

– Vi veit førebels ikkje kor mykje fisk som har rømt, og har sett i gang teljing av fisken som står igjen i merden.

Betalar for fisk

For å avgrense skadane av rømminga er det sett i gang gjennfiske, og lokale fiskarar er oppmoda om å bidra i utfiskinga.

Eivind Nævdal-Bolstad, kommunikasjonssjef i Marine Harvest

LOVAR KOMPENSASJON FOR RØMD LAKS: Eivind Nævdal-Bolstad er kommunikasjonssjef i Marine Harvest.

Foto: Pressefoto

– Vi betalar og ein kompensasjon på 500 kroner per innleverte fisk frå anlegget, seier Nævdal-Bolstad.

– Kor mykje fisk har de fanga til no?

– Så langt er det 29 fisk som er fanga etter rømminga.

Marine Harvest ser svært alvorleg på hendinga og vil i samarbeid med Fiskeridirektoratet og leverandørar undersøke korleis skaden har oppstått.