Siste veka har det vore ein prisauke på 3-4 kroner ute i marknaden, og slike prisar til oppdrettar har vi ikkje hatt sidan år 2000, seier han.
Styrka krone
Det kokar på meklarborda hos lakseeksportørane i dag. Hovudårsaka til prisoppgangen er svært lite fisk i merdane. I tillegg har krona styrka seg mot Euro slik at norske eksportvarer difor blir dyrare.
- Det er ein styrking på fire prosent, og det er ganske vesentleg. Det seier ansvarleg for valutasal hos Sparebanken Vest, Torleif Berg.
Misnøgde kundar
For laksenæringa fører dette til at Ottesen møter misnøye frå kundane sine for tida. - Prisen med toll og andre utgifter er rundt 37 kroner ut i marknaden. Prisen er enorm, så kundane er misnøgde, seier han. Samstundes er Ottesen glad på vegne av oppdrettarane.
Sjølv om kundane klagar kjøper dei likevel fisken fordi det er umogleg å få tak i anna fisk. Men ingenting tyder på at dei kan leve med den høge prisen på lang sikt. - Mange kundar prøver no å finne andre leverandørar, mellom anna frå Chile. Etter tollen kom opp har prisen ut i marknaden gått opp med 10 kroner, og det klarar ikkje filetindustrien i EU og leve med på sikt, seie Ottesen.