Hopp til innhold

I år kostar lakselusa han 30 millionar kroner

– Det er urovekkande at kostnaden aukar, vedgår lakseoppdrettar Ola Braanaas i Gulen. I år vil kampen mot lakselus bli åtte millionar kroner dyrare enn i fjor.

Elisabeth Aspaker og Ola Braanaas

UROA: Ola Braanaas (t.h.) seier kostnaden knytt til lakselus kan bli skummel på sikt. Her står Braanaas saman med Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H).

Lakselus vil truleg koste norske oppdrettarar nær fem milliardar kroner i år . Det er ein auke på 50 prosent frå i fjor, skriv Dagens Næringsliv.

Ola Braanaas i Firda Seafood stadfestar at kampen mot lakselus blir dramatisk dyrare også her i fylket.

– I fjor hadde vi kostnader på kring 22 millionar kroner. I år nærmar vi oss 30 millionar, seier han.

– Urovekkande

Endar lusekostnaden på fem milliardar kroner, så svarer det til fire kroner per kilo laks. I løpet av dei tre første kvartala i år brukte to av dei store lakseaktørane, Salmar og Marine Harvest, åleine 870 millionar kroner til kampen mot lakselus.

Braanaas meiner kostnadsauken er urovekkande.

Lakselus

PROBLEM: Lakselus lev som ein marin parasitt på laksefiskar. Den lev av slimet, huda og blodet til fisken.

Foto: NRK

– Marknaden er god og betalingsviljen god så vi ahr kunne forsvare kostnadsauken, men kjem ein inn i ein periode med fallande pris og kostnadsauke, så er det ein skummel situasjon, vedgår han.

Todelt problem

Braanaas forklarar at årsaka til kostnadsauken er todelt. Næringa er underlagt eit strengt reguleringsregime i høve til lusemengda på fisk og behandlingsnivå.

– Det eine er resistensproblema vi har fått siste åra. Vi må behandle på andre måtar enn tidlegare. Det betyr meir brønnbåtbehandling av lus, og då aukar kostnadene, seier han.

– Når vi behandlar fisken, må vi gjerne svelte den nokre dagar for å få ned stoffskiftet. Då får vi også kostnad i form av tapt tilvekst, legg Braanaas til.

– Kampen er ikkje tapt

På den positive sida seier Braanaas at det blir arbeidd kreativt med ulike behandlingsformer mot lakselus.

Han trur difor ikkje at kampen mot lakselusa er ein tapt kamp.

– Vi har både mekanisk og ikkjemedikamentell behandlingsmetodar, så er det medikamentelle behandlingsmetoder som er under behandling mellom anna i legemiddeltilsynet og som vi ventar på klarsignal til å få bruke, seier han.