Hopp til innhold

Lakselaser er ingen vidunderkur

Den nye laserteknologien skulle ta knekken på lakselusa, men det fyrste året med drift gjer oppdrettar avventande.

Brukar laserlys mot lakselus

LASERSTRÅLE: Ei maskin som er senka ned i merden skannar laksen etter lus. Gjer den funn, blir ei laserstråle skoten mot lusa.

Foto: Stingray Marine Solutions

Sulefisk i Solund har vore pilot i prosjektet, men dagleg leiar Michael Niesar seier dei ikkje ser ikkje noko gjennombrot i kampen mot lusa.

– Det er ikkje alltid enkelt å få det til på kort tid, seier han.

Sulefisk i Solund

FØRST UTE: Sulefisk sitt anlegg i Solund er det første som testar ut luselasaren i full skala.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fungerer, men ikkje effektivt nok

Oppdrettarar fleire stadar langs kysten testar no ulike måtar å bli kvitt problemet med lakselus på. Norge eksporterer laks for over 40 milliardar i året, men problemet med lakselus hindrar næringa i å vekse.

Lakselus

DYRT PROBLEM: Laks er ei av dei største eksportvarene vi har, men lakselusa kostar næringa store summar kvart år.

Foto: Marit Hommedal / SCANPIX

– Det er vår største utfordring, seier Niesar.

Fleire i næringa har håpa at ny laserteknologi skulle vere eit gjennombrot, men Sulefisk i Solund seier det er eit godt stykke fram. Niesar er i tvil om laseren har ført til mindre medisinbruk i år.

– Det er ein del lus som blir skutt med laser og det er ikkje tvil om at det fungerer i prinsippet, men effektiviteten er ikkje god nok. Vi har god tru på at det vil bli forbetra i framtida. Det er ei high-tech løysing og vi er tolmodige, seier han.

Framleis optimist

Laserteknologien går ut på å senke ei maskin ned i oppdrettsmerda som skannar laksen etter lus. Finn den lus skyt den ut ei laserstråle.

Det er Stingray Solutions som sel utstyret og dagleg leiar John Arne Breivik seier at interessa er veksande.

Han trur den varierande erfaringa i Solund kan skuldast at området var hardt angripe av lus i fjor, for i andre anlegg ser ein det skjer framsteg.

– Vi meiner absolutt at dette vil vere eit viktig bidrag til å løyse lakselusproblemet utan medikament. Det er sjølvsagt moglegheit for teknologiske forbetringar og det skjer kontinuerleg, seier han.