Laksekongen betalar for ny barnehage

Lakseoppdrettar Ola Braanaas i Gulen blar opp ein tosifra millionsum og byggjer ny barnehage på Byrknesøy.

Ola Braanaas

VIL HA BARNEHAGE: Lakseoppdrettar Ola Braanaas skal tilsetje fleire folk, men det er ikkje nok plassar i barnehagen. Då byggjer han like godt ein ny barnehage.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det er sprengt kapasitet i barnehagen på Byrknesøy i Gulen som har fått lakseoppdrettar Ola Braanaas til å grave djupt i lommeboka.

– Det er alt så trongt i dagens barnehage at det må fleire bordsete til for at ungane skal få i seg maten. Dei tilsette gjer ein kjempeinnsats for å halde det gåande, men med så stor vekst som det er i barnetalet no, er situasjonen prekær og det hastar med å få ny barnehage på plass, skriv Braanaas i ei pressemelding.

10–20 millionar kroner

Braanaas eig selskapet Firda Seafood Group som har planar om å auke bemanninga med nærmare 40 tilsette dei næraste år. Då er nok barnehageplassar viktig når selskapet skal rekruttere nye tilsette, som gjerne er familiefolk.

– Skal vi klare å rekruttere gode tilsette som vil slå seg ned her ute, er barnehagedekning og skule heilt sentralt. Kjem det folk, kjem det også born. Her er eit samspel mellom næring og kommune, og vi ønskjer fortgang i prosessane, skriv Braanaas.

Han har alliert seg med Tore Larsen, og gjennom selskapet Steelhead Invest vil dei no investere mellom 10 og 20 millionar kroner i ein flunkande ny barnehage med to avdelingar og 45 plassar. Barnehagen skal stå innflyttingsklar til neste haust.

Har tomt

Tomt har dei alt sikra seg og dei startar planleggingsarbeidet umiddelbart. Målet er å kunne tilby Gulen kommune ein fiks ferdig barnehage.

– Firda Seafood Group AS vil stå for fullfinansiering under byggjeprosessen, så får Gulen kommune vurdere om dei ønskjer å overta heile barnehagen eller inngå ein langsiktig leigeavtale på bygg og anlegg når dette står ferdig neste haust, skriv laksemillionæren i pressemeldinga.