Hopp til innhold

Laksefest for oppdrettsnæringa

2013 kan bli eit rekordår for oppdrettsnæringa. Prisen for laks og aure ligg på 45 kroner kiloen

Oppdrettslaks

LAKS: Ein kilopris på 45 kroner over lengre tid på laks fører til god inntening for oppdrettarane.

Foto: NRK

Ein kilopris på 45 kroner over lengre tid på laks fører til god inntening for oppdrettarane.

- 2013 kan bli eit rekordår for oppdrettsnæringa, seier dagleg leiar i Nordfjord laks Leiv Slagstad til Firda.

Bedrifta har hittil i år levert nærare 900 000 tonn laks og aure til denne prisen.

Årsaka er ein svært kald vinter og at andre land ikkje har levert like mykje fisk som normalen.

Slagstad trur at dei i år vil overgå rekordåret dei hadde i 2010.

Men han seier til avisa at rekordhøge prisar ikkje berre er bra for næringa.

- Det er klart det er litt usunn høg prising med tanke på foredlingsbedriftene som ikkje tener pengar. På sikt kan det slå tilbake i redusert auke i konsum, seier han til avisa.