NRK Meny
Normal

Laksecamp skal hindre forgubbing blant laksefiskarane

GAULAVASSDRAGET (NRK): Norges Jeger- og Fiskerforbund prøver å lokke fleire unge til elvebreiddene. Difor inviterer dei no til laksefiskecamp langs heile kysten.

Torbjørn Espeseth

FEKK NAPP: Torbjørn Espeseth fekk smake fiskelukka då denne karen beit på. Til høgre instruktør Tom A. Wangensteen.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Tenk deg kjensla av å kaste snøret ut i elva, og så kjenne at det rykkjer skikkeleg til i stonga. Den kjensla får 15 ungdommar verkeleg føle på ved Gaulavassdraget i Gaular desse dagane.

Norges Jeger- og Fiskarforbund arrangerer laksecamp for ungdom i ni elver langs heile kysten, og denne veka gjekk turen til Gaula.

Ungdomane er i full sving langs elva, og plutseleg har ein av gutane fått napp. Det er ikkje første fisken han får, men stas er det likevel.

– Fleire fiskar no er berre ein bonus. Eller, denne fisken er i grunnen ein bonus, for det er jo ikkje sjølvsagt å få fisk, seier Torbjørn Espeseth.

(Artikkelen held fram under albumet)

Laksefiskecamp

Søvnlaus hobby

Sondre Aasen Kilnes

FISKE ER TOPP: Sondre Aasen Kilnes er blitt ivrig med stonga.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Sondre vekte meg klokka halv sju. Skal vi ut no? spurte eg. JA! Svarte han. Det einaste usunne med denne hobbyen er at det kan bli litt lite søvn, seier Torbjørn Espeseth.

Sondre Aasen Kilnes frå Førde starta med fiske på eiga hand, og fiskar så fort han får gjort unna lekser. På campen håpar han å få skikkeleg dreisen på flugekastinga, for av og til set fluga seg fast i stonga.

Gutane søv i lavvo på plassen.

– Dessverre ingen jenter

Steinar Paulsen, sportsfiskekonsulent i Norges Jeger og Fiskarforbund fortel at campen blei til for å få fleire unge ut i lakseelvene.

– No er vi 15 ungdomar her, dessverre ingen jenter her, men vi håpar fleire kjem til etter kvart. Vi har delt ungdomane inn i tre grupper og rullerer på fiske på dei ulike plassane i elva, forklarar Paulsen.

Laksefiskecamp har dei alt hatt i Alta og Stjørdal. Snart kjem campen til Otra, Målselv, Lakselv og Saltdalselva. Og ungdomane kan delta på fleire campar.

– Alt ligg til rette for at ungdomane kan få ein god fiskesommar, fortel Paulsen.

– Det at vi får fleire ungdomar til å bry seg om fiske, betyr at vi får dei til å bry seg om laksen og ta vare på dei elvene vi har, legg han til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.