NRK Meny
Normal

Laks rømde i samband med notskifte

Eit ukjent tal laks har rømt frå ei av merdane til Marine Harvest ved Verpeide i Vågsøy.

Oppdrettslaks

RØMMING: I samband med ei notskifte har rømt laks frå ein av merdane til Marine Harvest i Vågsøy.

Foto: Marøy, Terje / SCANPIX

– Rømminga skjedde torsdag ettermiddag i samband med eit notskifte, seier kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland.

I merden stod 64 000 laks på 1,9 kilo. Kor mykje fisk som er rømd har dei førebels ikkje oversikt over.

Ola Helge Hjetland

GJENFISKE: Ola Helge Hjetland er kommunikasjonssjef i Marin Harvest.

Foto: NRK

– Det er nok ikkje snakk om ei stor rømming, og det vart starta gjenfiske med garn umiddelbart då rømminga var oppdaga, seier Hjetland.

Hjetland seier det framleis pågår gjenfiske i nært samarbeid med Fiskeridirektoratet.

Laster kart, vennligst vent...

LAKSERØMMING: Eit ukjent tal laks har rømt frå ei av merdane til Marine Harvest ved Verpeide i Vågsøy.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser