Hopp til innhold

Fryktar at mange laks har rømt gjennom dette holet

Arbeid med avlusing førte til at det blei laga ei rift i nota som skal hindre rømming av laks. No fryktar fiskeoppdrettaren at mykje fisk kan ha rømt.

Hol i merd

HOL: Holet var forma som ein L, og var kring 60 centimeter kvar veg. – Dette er ei kjedeleg sak som vi gjerne skulle vore forutan, seier driftssjef Magnar Terje Leknes.

Foto: Flokenes Fiskefarm

Etter over 30 år utan ei rømming, fekk Flokenes Fiskefarm ein kjedeleg start på det nye året. Før helga oppdaga dykkarar ei rift i ei av fire merdar ved lokaliteten Dyvika i Førdefjorden, like utanfor grensa til den nasjonale laksefjorden.

Holet kom truleg i samband med avlusing av merden. Ifølgje Kyst.no stod det kring 63.000 oppdrettslaks i merden.

– Vi veit ikkje noko sikkert på omfanget før vi har fått telt fisken. Den skal slaktast om nokre månader og då vil vi få telt den, men om Fiskeridirektoratet pålegg oss teljing på nytt er uvisst, seier driftsleiar Magnar Terje Leknes til NRK.

Snittvekt på tre kilo

Statistikken viser at oppdrettsnæringa i fjor opplevde rekordlåge rømmingstal . Ved utgangen av desember hadde Fiskeridirektoratet motteke 38 rapportar om rømmingar. Totalt 50.000 kveite, 10.000 laks, 6.000 regnbogeaure, 4.000 røye og 49 rognkjeks rømde frå norske oppdrettsanlegg.

Dykkarar oppdaga holet dagen etter avlusing. Laksen har ei snittvekt på tre kilo. Leknes vedgår at potensialet for ei større rømming er til stades.

– Holet vart tetta raskt etter at det var oppdaga og vi var tidleg ute med garn til gjenfangst. Vi fekk raskt to laks og så ein dagen etter. Sidan har vi ikkje fått eller meir laks eller tilbakemelding frå andre som har fått, seier han.

Flokenes Fiskefarm

RØMMING: Torsdag oppdaga dykkarar eit hol i ei av dei fire merdane ved Flokenes Fiskefarm sin lokalitet ved Dyvika i Førdefjorden. Det stod kring 63.000 laks i merden.

Foto: Flokenes Fiskefarm

Første rømming

Fiskeridirektoratet kjem til lokaliteten i dag. Ifølgje Leni-Marie Lisæter, seksjonssjef Havbruk ved Fiskeridirektoratet Region Vest, er dette den andre rømminga i år hos oppdrettarar i Sogn og Fjordane. Den første hendinga var tidleg i januar ved Sulefisk i Solund.

Flokenes Fiskefarm har totalt ti merdar. Ved Dyvika står vel 400.000 fisk i merdane. Om ei til to veker skal to nye merdar avlusast.

Rømminga er den første fiskefarmen har opplevd sidan oppstarten på midten av 80-talet.

– Vi meiner sjølv at vi har gode rutinar, men sidan dette no har skjedd så er det naturleg å gå over rutinane på nytt. No gjekk det eitt døgn før rømminga vart avdekka, og den kunne kanskje vore oppdaga litt tidlegare, seier Leknes.

Selskapet håpar at personar som har fanga eller observert oppdrettslaks i nærområdet melder frå på 455 25 911, eller melder inn til Fiskeridirektoratet på 55 23 83 37/911 03 277.